INNLEGG: Rådmannen ynskjer å komma med ei presisering på kva som er gjeldande lover og reglar i vår kommune, som svar på lesarinnlegg frå Kjersti Lysne Sanden. I hennar innlegg vert det referert til ei frådelingssak som hennar foreldre har sendt til Lærdal kommune. Det ligg føre ei saksutgreiing med grunngjeve vedtak i saka.
Les også: Kva lover og reglar gjeld i Lærdal kommune?
Denne søknaden er handsama etter dei reglane som gjeld både for Lærdal og andre kommunar i Norge. Dvs etter Lov om jord (jordlova) av 1995. Til lovteksten er det og utarbeida forskrifter som kommunane skal nytte i handsaming av saker etter denne lova.
Kommunane har mynde til å gjera vedtak etter Jordlova. For Lærdal sin del er dette delegert til administrasjonen, men med nokre unntak. Delegasjonsreglementet er godkjent i Lærdal kommunestyre i 2012. Her går det fram at klageorgan for administrative vedtak etter særlover, som m.a. jordlova, er fylkesmannen.
Eit av unntaka, som då skal handsamast i folkevald organ, er deling av driftseining. Søknaden frå Sanden gjeld ikkje deling av driftseining, den gjeld utskiljing av ein bustadtomt frå ein landbrukseigedom. Deling av driftseining vil seie å dele opp ein landbrukseigedom eller ei driftseining der formålet framleis skal vere landbruk, noko som ikkje gjeld i dette tilfellet.
Det er også slik at lovtekstar med tilhøyrande rundskriv stadig er under endring. Difor kan det vere vanskeleg å samanlikne med saker som har vore handsama tidlegare. Ut frå dagens reglar treng såleis heller ikkje alle tidlegare vurderingar vere rette.