Årdal: Friluftsbassenget på Årdalstangen treng omfattande utbetringar. Pressa økonomi i kommunen gjer at rådmannen ikkje vil opna badeanlegget denne sommaren.
– Me har ein vanskeleg økonomisk situasjon og då må me prioritera, seier Olve Fossedal.

– Nok med to basseng
Kommunestyret har tidlegare bestemt at det skal verta opna, òg i 2018, og har sett av ein halv million kroner til drift. Men når det no viser at det i tillegg trengst investeringar for å få anlegget i forsvarleg stand, må saka tilbake til kommunestyret.
Første stopp på vegen er i formannskapet i morgon, tysdag, der rådmannen altså vender tommelen ned i tilrådinga.
– Eg meiner det ikkje er naudsynt, for me har eit innebasseng og eit utebasseng i Øvre. Det bør halda i ein kommune med 5000 innbyggjarar. Det har eg sagt frå om før og det er min jobb, seier rådmannen.
Vil kosta rundt millionen
Ifølgje administrasjonen er det tekniske anlegget på Årdalstangen så gamalt og utslite at det ikkje er forsvarleg å halda bassenget ope. Utbetringar trengst både for at det skal verta ein trygg arbeidsplass for driftspersonalet og for at symjeanlegget skal tilfredstilla dagens krav.
– Opne elektriske anlegg, defekt kompressoranlegg og provisorisk tilkomst til ulike komponentar i anlegget gjer dette til ein utrygg arbeidsplass, står det i saksutgreiinga politikarane i formannskapet får på bordet.
Rådmannen har rekna ut at utbetringar og reperasjonar vil kosta rundt èin million kroner. Viss politikarane likevel skulle meina at dèt er naudsynt, meiner rådmannen det er realistisk å håpa på opning til vanleg tid, altså omtrent når skuleferien tek til i midten av juni.
– Viss me får investeringane på plass, så må må me setta alt inn på å opna bassenga på Tangen og Øvre omtrent samtidig. Det må i allefall vera målsettinga, seier Fossedal.