ALVORSTUNG: Etter åtte år i jobben hadde han fått nok. Torsdag heldt ein rørt Alf Olsen Jr avskjedstalen sin som rådmann i Lærdal kommune.
ALVORSTUNG: Etter åtte år i jobben hadde han fått nok. Torsdag heldt ein rørt Alf Olsen Jr avskjedstalen sin som rådmann i Lærdal kommune. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Rådmannen var blank i augene då han takka for seg: – Direkte ondsinna

– Det er tøft å vera rådmann. Det er særleg tøft i Lærdal kommune, sa ein open og frittalande Alf Olsen Jr då han forklarte kvifor han trer ut av rolla.

Lærdal: For ni dagar sidan vart det kjent at Alf Olsen Jr. sluttar som rådmann i Lærdal, og går over i ei spesialtilpassa rådgjevarstilling i kommunen.

Torsdag forklarte han bakgrunnen for avgjerda til politikarane i kommunestyret.

– Det er tøft å vera rådmann. Det er særleg tøft i Lærdal kommune. Eg kjenner eg er sliten mentalt, og tidvis òg fysisk, sa Alf Olsen Jr, som fleire gonger måtte kjempa for å halda tårene unna og stemma under kontroll.

Kommunalsjef Arne Johansen tek over i stillinga som konstituert rådmann frå 1. juli og ut året.

Rådmannen: – Har møtt motkrefter 

Alf Olsen Jr starta med å skildra dei mange utfordringane kommunen har streva med sidan han tok til i jobben i oktober 2010. I 2014 var det først storbrann, så storflaum, ekstraordinære hendingar kommunen fekk i fanget samstundes som økonomien skranta. Sidan 2012 har Lærdal kommune tapt 25 millionar i inntekter.

– Me har vore i ein vedvarande kuttprosess i åtte år. Me har måtta seia opp fast tilsette, sa rådmannen.

Gjennom dei åtte åra har det òg vore fleire tøffe personkonfliktar, mellom anna med den tidlegare ordføraren Arne Sanden, og enkeltpolitikarar i Ap og SV, som mellom anna har skulda rådmannen for å skapa ein fryktkultur og for å praktisera overdrive hemmeleghald.

– Eg har over lang tid møtt motkrefter, med støtte frå media, som ikkje ønskjer meg vel. Nokre av dei har vore direkte ondsinna. Det har ført til slitasje på organisasjonen, på medarbeidarar, og sjølvsagt meg sjølv og mine næraste. Det er grenser for kor lenge det er sunt stå i noko slikt, sa rådmannen, utan å namngje kven desse motkreftene var.

Inger Bakken (Ap) og Annike Vanberg (SV) er kanskje dei to politikarane som har vore involverte i dei krassaste og mest offentlege feidene med rådmannen. Ingen av dei vil kommentera uttalen. Vanberg ynskjer rådmannen lukke til med nye oppgåver.

Eks-ordførar Arne Sanden nøyer seg med å seia at han helsar rollebytet velkome.

– Det er ikkje tvil om at det er behov for å få inn nye kostar til å rydda opp i rotet som er skapt, seier han og siktar til den tøffe økonomien til kommunen.

Radioprogram vart vendepunktet

Rådmannen fortalte at det aukande sjukefråvêret hans det siste halvanna året har fått han til å stoppa opp og tenka. Vendepunktet kom då han låg på sjukesenga og høyrte eit radioprogram om folk som har kort tid igjen å leva.

Det sentrale spørsmålet dei vart konfronterte med, var korleis dei vil fylla livet med innhald.

– Då spurte eg meg det same spørsmålet. Er det å vera rådmann i Lærdal det mest meiningsfulle for meg om eg har tredve dagar att å leva? Vel, de kjenner svaret, og det vil overraska meg om de ikkje hadde kome til same konklusjonen sjølve, sa han.

Rådmannen fortalte at avgjerda har modna over tid, og at han i prosessen med å finna ei løysing har hatt gode samtalar med ordførar Jan Geir Solheim (Sp) og opposisjonspolitikar Kåre Mentz Lysne (Ap).

– Tonen har vore god og oppbyggande, det har ikkje vore veksla eit vondt ord, sa rådmannen, ei oppfatting som vart stadfesta av dei to politikarane i diskusjonsrunden like etter.

Vil bruka meir tid på heimebane

Rådmannen slo òg tilbake mot spekulasjonane om at rollebytet ikkje var ønskja av han sjølv.

– Eg registrerer at nokre brukar ord som degradering. Dette er ikkje nokon degradering for meg, sa rådmannen.

– Eg ser det som ein fin måte å avslutta yrkeskarriera på, la han til.

Rådmannen avrunda avskjedstalen med å seia at han særs motivert til å ta fat på oppgåvene i den nye rådgjevarstillinga.

Etter møtet utdjupar han overfor Porten.no kva han vil gjera meir av på heimebane, no som han får meir tid.

– Det er å ta vare på dei næraste, på ektefelle, bruka meir tid på familie og venner. Eg slepp å bry meg med politiske møter, det skal bli herleg, seier Olsen jr, som òg ser fram til å få meir tid til å fiska og bitte fluger.

Til toppen