FORFATTAR: Ragnar Hovland.
FORFATTAR: Ragnar Hovland. (Foto: Linda Watten)

Ragnar Hovland: Balladen om det store raset i Luster

Dette diktet er skrive av Ragnar Hovland og gjett ut i boka "Ler dei no, så har eg vunne" av Finn Tokvam og Halvor Folgerø.

Luster:

Lusterbygda ligg der så still.
Naturen rundt er lunefull og vill. 

Det høyrest ved natt eit dunder og brak.
Folk vaknar og skjønar at dette er ei alvorleg sak.

Når det lysnar av dag blir sanninga avsløra:
Vegen er borte mellom Gaupne og Marifjøra!

Ja vegen er borte, endå han låg der i går!
Folk rister på hovudet, dette er det ingen som forstår.

For vegen er borte, endå han låg der dagen før!
Skulle ein ha sett slikt? Ja, eg berre spør. 

Då får dei sjå raset ved Røneidstunnelen.
Skal sjå det er det som gjer heile forskjellen. 

Den alvorlege situasjonen blir kraftig forverra 
når dei skjønar at vegen til Sogndal er sperra.

Frå menn og kvinner høyrest alvorleg prat:
Det er eit spørsmål om timar før vi slepp opp for mat.

Ja, det er spørsmål om timar før vi slepp opp for øl,
kvar skjolding, kvar lustring, kvar jostedøl.

Og julefeiring blir det lite av no.
Her blir det tårer, sveitte og blod. 

Ja, lustringane gjekk på ein smell
på grunn av eit ras ved ein tunnel.

Når du sit og et ribba di på julekvelden,
så tenk på kva som skjedde ved denne tunnelen. 

Og be om at det aldri skal hende deg.
Det var Luster det råka, dei tok det på seg.

Send ein tanke til Luster i denne kveld:
La det bli ei slags jul der - likevel. 

Diktet er publisert i Porten.no med løyve frå forfattaren sjølv, Ragnar Hovland. 

Til toppen