KRITISK: Astrid Torill Sandvik i aksjonsgruppa Nei til vindmøller i Gulen er kritisk til at organisasjonar får fem minutt taletid når Olje- og energiministeren inviterer til møte om vindkraft
KRITISK: Astrid Torill Sandvik i aksjonsgruppa Nei til vindmøller i Gulen er kritisk til at organisasjonar får fem minutt taletid når Olje- og energiministeren inviterer til møte om vindkraft (Illustrasjonsfoto: Foto: Flickr/ Danny Howard)

MEININGAR

– Råkøyr frå Olje- og energiministeren

– Vert den "nye rammeplanen" for vindkraft innført, er det slutt på lokal og regional påverknad, skriv Astrid Torill Sandvik i innlegget.

Meiningar: Dette er råkøyr frå Olje- og energiministeren! No skal Rapport 3/2020 frå NVE – som er ei forsterking av den skrota nasjonale ramma for vindkraft – på høyring. Høyringa består av at organisasjonar får 5 minutt taletid den 11. mars hos Olje- og energiministeren.

Alle dei 5000 høyringsinnspela på rammeplanen vart skrota. Denne rapporten er ei ny innpakking av rammeplanen. Den skal tydelegvis innførast raskt, utan tid til skriftlege innspel frå folket.
 
Vert den "nye rammeplanen" innført, er det slutt på lokal og regional påverknad. Dei utpeika områda for utbygging (etter same kriterier som i rammeplanen) vert bestemt av sentrale myndigheiter, i forskrifts form.
Eg tilrår alle å lesa han og påverka politikarar og makta.
 
Er det ei slik overkøyring me vil ha frå dei politikarane som me valde inn?
Til toppen