TIL LÆRDAL: Laurdag spelar Grove Horn rallarpop i Lærdal kulturhus. Bandet er aktuelt med nytt album som er spelt inn i nettopp Lærdal. Foto: Pressefoto.
TIL LÆRDAL: Laurdag spelar Grove Horn rallarpop i Lærdal kulturhus. Bandet er aktuelt med nytt album som er spelt inn i nettopp Lærdal. Foto: Pressefoto.

Rallarpop til Lærdal

Laurdag spelar folkemusikkgruppa Grove Horn i Lærdal kulturhus.

Lærdal: Rallarane har ein viktig plass i norsk historie og har vore med på å knyte lokalsamfunn saman. Rallarane hadde også sin eigen type musikk.

Det er nettopp slik musikk bandet Grove Horn spelar. I september gav dei ut nytt album som er spelte inn i Lærdal Musikkproduksjon i nettopp kulturhuset.

Laurdag vender dei altså tilbake for å framføre rallar-, loffar-, sjømanns- og skillingsviser. Bandet består av Trygve Ramnefjell, Christian Bjølseth, Klas Anders Haglund og Anders Olsson. Dei to sistnemnde kjem frå Sverige. 

Bandet har spelt saman i seks år.

– Innhaldet i visene er dei barske humoristiske og vakre historiene om ei hardtarbeidande, eventyrlystent og fridomselskande folkeferd. Desse karane som møtte den tøffe røynda anten på sjøen eller på anlegga med glimt i auget og barten full av snus. Ei ikkje altfor fjern fortid, skriv bandet på si heimeside.

Til toppen