IDYLL: Eit gammalt trehus gjer seg godt i følgje med eit kvitmåla stakittgjerde. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
IDYLL: Eit gammalt trehus gjer seg godt i følgje med eit kvitmåla stakittgjerde. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Ram inn eigedommen

Anten du treng å stengja ute eller stengja inne, kan det rette gjerdet gi huset ei fin ramme.

  • Endret

Sommaren er snart over, og det late livet i hagen vart kanskje ikkje heilt slik du hadde sett føre deg. Barna har sprunge i den eine retninga og hunden i den andre, og ingen av dei har vist omsyn til kor eigedommen sluttar og den farlege vegen eller blomsterbedet til naboen byrjar. Neste sommar kan kanskje eit gjerde vera porten til eit meir harmonisk hageliv.

Forfattaren av boka «Porter og gjerder», Cathrine Reusch, tilrår å setja seg inn i norsk port- og gjerdehistorikk før du vel ramma rundt eigedommen din.

Artikkelen held fram under biletet

RAUDMÅLA: Tidlegare måla ein gjerne gjerdet i den same fargen som huset. 
RAUDMÅLA: Tidlegare måla ein gjerne gjerdet i den same fargen som huset. 

– Om du har eit eldre hus, anten det er frå 1960-1970-talet, frå 1920-talet, i funkisstil eller ein av stilartane frå 1800-talet, som sveitser eller empire, bør du velja eit gjerde som passar til stilen på huset, meiner ho.

– Det sikrar eit harmonisk og fint resultat, og dermed verdien av både arbeidet og pengane du har lagt ned, seier Reusch, som er utdanna arkitekt og jobbar som antikvar hjå Byantikvaren i Oslo.

VEDLIKEHALD: Kvite stakittgjerde er sjarmerande, men krev litt innsats med målekosten.
VEDLIKEHALD: Kvite stakittgjerde er sjarmerande, men krev litt innsats med målekosten.

Hugs førearbeidet

Allereie i planleggingsfasen bør du ifølgje Reusch tenkja på framtidig vedlikehald.

– Det er viktig å sikra eit solid og godt fundament, spesielt av portstolpane – her er det store krefter i sving!, minner ho om.

Tregjerde bør grunnast før dei blir sette opp, og sidan målast så fort som mogleg. Gjerdet må ha litt avstand til bakken for å hindra fuktskadar.

– Hugs å metta endeveden med måling. Han er jo ikkje synleg, så det kan vera freistande å slurva – med vassoppsug og ròteskadar som følgje, peikar Reusch på.

Slitestyrken på tregjerdet blir også påverka av kvaliteten på trevirket.

– Vel tettvakse trevirke med tradisjonelle og litt kraftige dimensjonar, og ei høvla overflate. Då blir det enklare å måla, fukt- og svertesopp set seg ikkje så lett, det ser finare ut, og det er i dei fleste tilfella meir historisk korrekt, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet

KASTANJEGJERDE: Solfang.no sel kastanjegjerde på rull frå Frankrike, ein gjerdetype som har slege godt an også i Noreg.
KASTANJEGJERDE: Solfang.no sel kastanjegjerde på rull frå Frankrike, ein gjerdetype som har slege godt an også i Noreg.

– Del heller opp oppføringa av gjerdet i fleire byggjetrinn enn å fira på kvalitetskrava, meiner ho.

Franske gjerde

Gjerdetradisjonane er ikkje statiske, og nye variantar kjem til.

– Me ser ei vidareutvikling av gjerde- og portradisjonen til moderne arkitektteikna hus. Der får dei ei tilpassa utforming, ofte med nye materiale som lerk eller liggjande bambusstenger i smale stålskjener, seier Reusch.
Jeanette Grønli i hagenettbutikken Solfang.no har satsa på kastanjegjerde importert frå ein landsby i Frankrike.

Artikkelen held fram under biletet

SMIJERN: Eit smijernsgjerde med roser gir eit elegant og nostalgisk uttrykk.
SMIJERN: Eit smijernsgjerde med roser gir eit elegant og nostalgisk uttrykk.

– Gjerda har lange tradisjonar der nede, men har slege an hjå kundane våre. Mykje fordi dei passar i ulike miljø. Eg har selt gjerde både til folk som skal bruka dei i ein bakgard i byen, og folk som har gard på landet, seier ho.

Kastanjegjerda kjem på rull og er enkle å setja opp. Kastanjeveden har ifølgje Grønli dessutan den fordelen at han inneheld mykje garvesyre – det gjer gjerdet haldbart, i tillegg til at husdyr ikkje liker smaken av det.

Artikkelen held fram under biletet

STEINGJERDE: Steingjerde har vore mykje brukte i landbruket. I dag vel somme stein som ei hyggjeleg innramming av hagen.
STEINGJERDE: Steingjerde har vore mykje brukte i landbruket. I dag vel somme stein som ei hyggjeleg innramming av hagen.

Vedlikehaldsfrie materiale

Kvitmåla tregjerde har sin sjarm, men nokre ynskjer eit gjerde som krev minst mogleg vedlikehald. På marknaden finst det etterlikningar av klassiske stakitt- og tregjerde i materiale som pulverlakkert aluminium og plast.

Norgesgjerde er eitt av fleire firma som tilbyr gjerde, rekkverk og portar i PVC.

Artikkelen held fram under biletet

TRADISJONSRIKT: Skigarden er ein av dei eldste gjerdetypane i Norge, og lever godt også i dag.
TRADISJONSRIKT: Skigarden er ein av dei eldste gjerdetypane i Norge, og lever godt også i dag.

– Den einaste forma for vedlikehald gjerda våre treng, er ein vask når det trengst, seier dagleg leiar i Norgesgjerde, Alf S. Andersen.

– Me har lange tradisjonar for tre her i Noreg, og det tek litt tid å endra vanane til folk. Men PVC som gjerdemateriale byrjar å bli meir kjent. PVC knekk ikkje så lett som tre, og er svært haldbart, seier han.

Artikkelen held fram under biletet

PORT: Eit fint gjerde kan gjerne rundast av med ein vakker port, som her frå Balestrand.
PORT: Eit fint gjerde kan gjerne rundast av med ein vakker port, som her frå Balestrand.

Uansett om du vel eit gjerde i plast, tre, smijern eller aluminium, gir «lov om grannegjerde» deg rett til å setja opp gjerde mot naboen. Kanskje er han til og med interessert i å spleise, og de får eit gjerde til glede for dykk begge.

(©NPK)

 

Til toppen