Rama (8) fekk prøve seg på hesteryggen

I dag inviterte Tangen køyre -og rideklubb til open dag på ridesenteret i Seimsdalen, og oppmøtet var over all forventning.

Ei av dei som tok turen til ridesenteret var 8 år gamle Rama Othman. Rama kom til asylmottaket i Årdal i sommar, og er i dag busett på Årdalstangen.

Saman med storesystera Noor Othman fekk ho i dag klappe, kose og mate hestane, i tillegg til at ho fekk ri nokre rundar i ridehallen.

Sjå fleire bilete frå dagen i biletgalleriet øvst i saka!

- Det var litt skummelt, men veldig kjekt! Eg hadde lyst å ri fleire rundar, seier Rama til porten.no

Kjempesuksess
Tangen køyre- og rideklubb har arrangert open dag tre gongar tidlegare, og leiar for rideklubben, Hilde Nordbye Mørkrid, fortel at «open dag» arrangementa ofte viser seg å vere suksess.

– Etterspurnaden etter denne type arrangement har vore stor, og det er kanskje ikkje så rart. Småbarnsfamiliar har ikkje så mange tilbod her i Årdal, stadar der ein kan reise og tilbringe dagen saman og der det er noko for alle aldrar. Nettopp difor trur eg «open dag» er så populært.

Om lag 100 menneske vitja ridesenteret i dag, og det vart veldig populært blant dei minste å ri nokre rundar i ridehallen. Dei som ikkje ynskte å ri kunne gå i stallen å strigle hesten, eller slappe av med ein kopp kaffi og noko godt å bite i.

Artikkelen held fram under biletet

KJEMPESUKSESS: Siri Lie Husabø tok med seg tantongen sin Viljar på den opne dagen på ridesenterert, her saman med leiar av Tangen køyre- og rideklubb, Hilde Nordbye Mørkrid.
KJEMPESUKSESS: Siri Lie Husabø tok med seg tantongen sin Viljar på den opne dagen på ridesenterert, her saman med leiar av Tangen køyre- og rideklubb, Hilde Nordbye Mørkrid.

Ynskjer å engasjere fleire
I dag har Tangen køyre- og rideklubb 109 medlemmar, og på same måte som dei andre klubbane i kommunen opplever rideklubben dalande engasjement.  Den største mangelen er blant ungdommar, der klubben har hatt heller dårleg rekruttering.

Difor skal rideklubben satse meir på rekruttering i 2015, og klubben har mellom anna starta opp med knøttekurs. Knøttekurset er eit ridekurs for dei yngste, der den yngste deltakaren har vore 2,5 år.

Mørkrid vonar at «open dag» arrangementa kan føre til auka engasjement, fordi fleire på denne måten får oppleve kva det å vere i stallen går ut på. Ho tenkjer også at ridesenteret og hestestell kan vere eit flott tilbod til alle dei som ikkje tykkjer lagidrett og anna organisert idrett er det heilt store.

Jobbar på dugnad
På grunn av mangel på økonomisk støtte frå kommunen, har rideklubben sett seg nøydd til å selje ein klubbhest for å få det økonomiske til å gå rundt. Fleire tilbod har difor forsvunne, til dømes tilbodet om handikappriding.

Ridesenteret i Seimsdalen er det einaste i kommunen, og Mørkrid fortel at dei kjem til å halde fram, sjølv om det tyder at det vert ein del dugnadsarbeid.

– Me prøver så godt me kan med dei ressursane me har, og me klarar oss. Me er heldige som har eit så flott område som det me har, med både ridehall, utandørs ridebane og flotte turområde rundt oss.

Mange jern i elden
Knøttekurset for dei minste er ikkje det einaste dei driv med på ridesenterert. Dersom der er ynskjeleg tilbyr klubben utleigeriding, samt at ein også kan ha hestar på fòr.

Tangen køyre- og rideklubb arrangerer også ulike stemner, og allereie i slutten av juni arrangerer rideklubben landsstemne i dressurriding. Ei av medlemmane i klubben, Marte Jevnaker, har nådd langt, og i juli skal ho representere Tangen køyre- og rideklubb på fjordhest noregsmeisterskap.

– Me tykkjer det er kjempemoro med stemner, og fleire av medlemmane frå klubben har hevda seg i ulike klassar. Men litt styr vert det jo, no har eg jobba sidan føre jul med å skaffe dommar til stemnet, ler Mørkrid.

Dersom du ynskjer å vitje ridesenteret i Seimsdalen saman med borna, arrangerer Tangen køyre- og rideklubb open dag igjen siste helga i mai.

Til toppen