TEK OVER: Ramona Szabo tek over Årdal Gym frå 1. januar og har store planar for treningssenteret. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
TEK OVER: Ramona Szabo tek over Årdal Gym frå 1. januar og har store planar for treningssenteret. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Ramona tek over Årdal Gym

Det byrja med at ho ville utdanne seg som personleg trenar. Frå nyttår tek Ramona Szabo over styringa på Årdal Gym. 

Øvre Årdal: Szabo har kjøpt utstyr, innventar og kunderportefølje og tek dermed over Årdal Gym med selskapet Shaper AS. No går ho inn som dagleg leiar og tek over drifta av treningssenteret som fylte seks år tidlegare i år.

– Det var ikkje planen, seier Szabo og smiler. 

Då ho budde i Århus i Danmark, jobba ho på eit treningssenter, men som resepsjonist ved sidan av studie og handballen. Allereie då var det ein kollega som meinte ho kunne bli ein flink personleg trenar, men det takka ho nei til.

– Og så flytte eg hit til Årdal, og kanskje eg kjeda meg litt, eg byrja iallfall å sjå på moglegheiter innanfor personleg trenar-utdanning. Eg fann eit kurs i Bergen, og frå dag éin tykte eg dette var veldig spennande. Det var ein fryd å reise til Bergen kvar helg, seier ho.

Fekk noko å tenkje på i ferien

I samband med utdanninga spurte ho Ole Vidar Øren (tidlegare eigar saman Eilert Olsen journ. anm.) om ho kunne få prøve seg litt på Årdal Gym. Ho fekk eit par kundar, likte godt jobben, og så rett før ho skulle på ferie fekk ho eit spørsmål frå Øren.

Artikkelen held fram under biletet.

RÅD: Med utdanning som personleg trenar kan Szabo gi gode råd til dei som trenar på senteret. Her i møte med to herrar som tok seg ei tidleg økt.
RÅD: Med utdanning som personleg trenar kan Szabo gi gode råd til dei som trenar på senteret. Her i møte med to herrar som tok seg ei tidleg økt.

– Han meinte eg kunne vere rett person til å ta dette vidare. Eg tenkte «nei, det er for mykje», men så byrja eg å leike med ideen. Då eg kom tilbake frå ferie, snakka me litt meir, og no kom me endeleg i mål, smiler ho. 

Siktar på å auke medlemstalet

Planane er ho godt i gang med. I dag har treningssenteret 475 medlemmar. Då det opna i 2010, var det over 800.

– Det går litt opp og ned, og eg fekk sjokk då eg såg tala frå då det vart etablert. Det er flott natur her, så når våren kjem, skjønnar eg at folk ikkje vil vere inne. Det svingar mest om sommaren, men når det vert kaldare i vêret, aukar dte på att. Eg siktar på å auke medlemsmassen meir enn han er i dag.

For å klare det vil ho gjerne skifte ut apparat som ho kallar «for basic» fordi dette endrar seg heile tida. Ho vil også tilby fleire timar.

– Og når finvêret kjem, så skal me ut. Me skal ha mange timar ute. Ein må ikkje alltid ha utstyr og løfte 100 kilo. Eg er ganske kreativ når det kjem til øvingar med berre bruk av kroppsvekt, seier Szabo.

Godt miljø

Ho understrekar ogsåat ho gjerne ser at fleire eldre og unge tek turen innom. Szabo skryt av miljøet som er på treningssenteret, noko ho vil gjere endå betre ved å ommøblere litt, og kanskje til og med tilby barnepass medan mor eller far trenar.

– Eg kjem til å vere her heile dagen kvar dag. Folk kan koma til meg dersom dei har spørsmål, noko ein ikkje kan dersom ein trenar andre stader. Det kjem alltid til å vere nokon i resepsjonen, og det kan vere ein plass du treff nye folk. 

Til toppen