Mercedes-Benz GLC blei lansert i fjor, som etterfølgjaren til den kantete GLK. Med GLC forsvann mykje av karakteren som produsenten sine mellomstore SUV-ar hadde hatt. GLC ser omtrent ut som alle andre tilsvarande bilar, kanskje er det lurt, kanskje vil ikkje folk ha ein bil som skil seg ut med noko anna enn ei stjerne i grillen?
Er ein likevel ute etter noko meir, men framleis ynskjer at det ikkje skal sjå slik ut, kan denne nye versjonen av GLC vere «greia». Han ser kanskje litt raffare ut enn ei heilt standard utgåve, men ein må vere over gjennomsnittleg interessert om ein på avstand får med seg at dette er ein SUV som gjer null til hundre på mindre enn fem sekund.
AMG-light
For dette er ein AMG GLC 43. Det vil seie at AMG-avdelinga til Mercedes-Benz har vigd merksemda si til bilen. Og der i garden jobbar det ein gjeng som framleis insisterer på å putte svære V8-maskiner i mellomklassebilen C-klasse. No er ikkje GLC 43 ein fullblods AMG-maskin, den har ikkje ein motor som er laga for hand, men han har teknikk og elektronikk som er plukka frå høgytingshylla.
Artikkelen held fram under biletet.

Det er ein slags AMG-light, utan at ein må tru at det er eit produkt som er gjort halvhjarta. Utgangspunktet er ein tre liters V6-bensinmotor, som har fått to turboar og ein effekt på 367 hestekrefter. I tillegg har han luftfjøringar og ei rekke konfigurasjonsmoglegheiter når det gjeld motor, understell, styring og girkasse.
GLC er også ein relativt lett bil i sitt segment, 100 kilo lettare enn ein tilsvarande Porsche Macan og over 200 kilo lettare enn Audi Q5 med like stor motor, så det blir ein svært frisk pakke.
Kul lyd
AMG-tuningen av bilen står fram som veldig godt gjennomtenkt. Sjølv i sportsmodus er han ganske så komfortabel, samtidig som han tar svingar utan å krenge. Han følast lettare enn sine nærmare 1,8 tonn, og motoren er veldig livleg – og med eit herleg snerr når ein gir han litt turtal. Maks effekt ligg mellom 5.500 og 6.000 omdreiingar, og det er ein motor som verkeleg vaknar til liv når ein er tung med høgrefoten.
Artikkelen held fram under biletet.

Girkassa er litt uvant, ho har heile ni trinn, noko som gjer at det blir masete om ein vel å styre den manuelt via hendlar på rattet. Gira blir tømde veldig fort, og trass i at elektronikken gir raske skift, trefte vi stadig vekk turtalssperra under aktiv køyring.
Bilen har sjølvsagt firehjulstrekk, der brorparten av kreftene normalt blir sendt til bakre aksling. Han har massive bremser, skivene framme er på 360 millimeter, så det er ikkje noko problem å få ned hastigheita heller.
Dyr
Sjølve ideen med å putte ein svært sporty motor i ein typisk hyttebil som dette, er i utgangspunktet litt teit. Dette er bilar som skal vere praktiske, som klarer å passere den litt store steinen på fritidseigedommen – det er ikkje bilar ein kjøper for å oppnå sportsbileigenskapar. Samtidig er det ikkje så ofte ein kan få både i handveske og ryggsekk, og Mercedes-Benz leverer godt på fleire frontar med AMG GLC 43.
Artikkelen held fram under biletet.

Billig blir det likevel ikkje. Rundt millionen før ein set seg ned med den ganske så dyre tilvalslista, er friske saker. Det er samtidig litt kult med bilar som ser normale ut, men leverer unormale prestasjonar. (©NPK)