BESTEMANN: Martin Ramsland viste klasse då han parkerte Godset-forsvaret og prikka inn utlikninga etter ein halvtime. Spissen står allereie med to skåringar etter to serierundar.
BESTEMANN: Martin Ramsland viste klasse då han parkerte Godset-forsvaret og prikka inn utlikninga etter ein halvtime. Spissen står allereie med to skåringar etter to serierundar.

Ramsland får skryt av Bakke: – Beste på bana

Krige har han gjort sidan han kom til klubben. No har Martin Ramsland òg funne scoringsformen. Sjå video!

Sogndal-Strømsgodset: 1-1 

Etter to mål og ein assist på fire kampar får Martin Ramsland fortent skryt av Eirik Bakke. Men dèt gjer han eigentleg etter kvar kamp. For Ramsland gir alltid det sogndaltrenaren mest av alt ønskjer: maks innsats i kvar duell.

– Han blir ofte målt på scoringar, men eg er like oppteken av den jobben han gjer for laget. Det er han som set standarden på topp, seier Bakke etter å ha sett Ramsland kjempe inn utlikninga som gav Sogndal eitt poeng mot medaljekandidat Strømsgodset.

NØGD: Eirik Bakke skryt av arbeidsinnsatsen til Martin Ramsland på topp og meiner han var bestemann på bana mot Strømsgodset i går.
NØGD: Eirik Bakke skryt av arbeidsinnsatsen til Martin Ramsland på topp og meiner han var bestemann på bana mot Strømsgodset i går.

I fjor kunne det ofte verke som den oppofrande stilen gjekk ut over sørlendingen sine bidrag framover. Eigentleg forståeleg, for få spissar i Eliteserien spring meir og krigar hardare enn Martin Ramsland. Fem mål på 27 kampar var likevel i underkant.

Les også: Sogndal kapra eitt poeng i sjansefattig førestilling

I år er det ei lang kvassare utgåve vi har fått sjå til no. Begge måla til no i år har vore av høg klasse. Spesielt den mot Godset i går var ein toppskårar verdig: dei to toucha då han dreg seg forbi oppassaren, styrken og balansen i duellen og farta då han distanserer same mann, den iskalde avslutninga åleine med keeperen.

Alt kjem etter å ha jaga ein halv time åleine på topp mot balltrillande drammensarar.

– Eg føler det har gått bra. Eg har spelt alle kampane og fått to skåringar. Eg er nøgd med det, men vi har berre fire poeng så vi må levere i dei kampane som kjem framover, seier Ramsland.

Sogndal ligg no på ellevteplass med fire poeng etter fire rundar. Neste kamp er førstkomande søndag borte mot Vålerenga.

Til toppen