Sogndal: I fjor skåra Martin Ramsland eitt av fem seriemål mot nettopp Stabæk på heimebane. I kveld håpar den hardtarbeidande sørlendingen på reprise.
Gjestane frå Bærum kjem til Fosshaugane fulle av sjølvtillit etter 3-1 mot Aalesund i seriepremieren. Sogndal tapte med same siffer borte mot Sarpsborg.
– Det blir ein tøff kamp, som alle andre i denne ligaen. Det skal bli godt å spele på heimebane og eg håpar det kjem mange folk. Så skal vi sjølvsagt gå for å vinne, seier Ramsland i eit intervju på klubben sine eigne heimesider.
Les også: Vårt tabelltips: Difor rykker Sogndal ned i år
Les også: Flo: – Ikkje bra måten måla kjem på
I fjor skåra han sitt første mål i andre serierunde mot Vålerenga, i år var han enno raskare ut av startblokkene. Nettkjenninga mot Sarpsborg i seriepremieren gjer godt, sjølv om laget tapte.
– Som spiss kan eg iallefall senke skuldrane litt. Eg har ikkje skåra noko i oppkøyringa, så det var godt å få den allereie i første serierunde. Litt sjølvtillit gir det iallefall, seier Ramsland til sogndalfotball.no.