Ramsland har signert treårskontrakt

No har Sogndal sikra seg kontrakt fram til 2019 med to av lagets mest løpssterke spelarar. 

Sogndal: Martin Ramsland og Sogndal Fotball er samde om ein avtale som strekkjer seg fram til 1.august 2019.

– Me er veldig glade for at Martin vel å forlenge avtalen med oss, seier sportsleg leiar Håvard Flo på Sogndal fotball sine nettsider.

– Håpar Ramsland skal gi oss mange fine stunder i åra som kjem

Det er den andre av nykomlingane på laget som vel å forlengja kontraktane sine med Sogndal - tidlegare denne veka signerte Ole Amund Sveen ei like lang kontrakt.

Begge har vore fast på laget og med stor løpskraft stått for mykje av det som skjer offensivt. 

Ramsland kom frå Strømmen før årets sesong og har så langt spelt 19 kampar i årets Tippeliga. 23-åringen har skåra to mål og levert assist fire gonger.

- Martin er ein veldig fin gut som me håpar skal gi oss mange fine stunder i åra som kjem. Me ser fram til desse tre nye åra i lag med Martin, avsluttar Håvard Flo.

Til toppen