Randoneetur med nytt skiutstyr
(Foto: Paula Fykse)

VEKAS FOTO

Randoneetur med nytt skiutstyr

Vekas foto er teke av Paula Fykse.

Årdal: Vekas foto er teke i Årdal og syner Paula Fykse toppen av Bjørnaholten.

Fykse var på randeetur med ein ven, Kenneth Vindedal. Han hadde nettopp kjøpt seg nytt randoneeutstyr som han hadde gleda seg til å testa. 

– Føret var fint og sola titta fram innimellom. Han var nøgd med utstyret og turen, så her skal me gå fleire gonger, seier Fykse. 

Ho fortel at ho går mykje tur om våren, sommaren og hausten. Men på vinteren finn ho fram skia så ofte ho kan.

– På vinteren står eg på randonee, slalom og langrenn så ofte eg har moglegheit. Me har mange fine turstiar her i Årdal og kort veg til både skitrekk og skiløyper som eg
eg likar å nytta meg av, seier ho. 

Til toppen