SOGN: To saker frå Årdal, ein frå Hafslo og ein frå Sogndal.
SOGN: To saker frå Årdal, ein frå Hafslo og ein frå Sogndal. (Foto: Arkiv)

Råning, heimflytting og heltemodige gutar. Fekk du med deg desse sakene?

Desse sakene er nokon av dei best lese førre månad.

Har du ikkje fått med deg alt av nyheiter og gode saker? Fortvil ikkje, her får du kort oppsummert dei best leste sakene på Porten den siste tida. Med andre ord den perfekte lesnaden i påsken. 

Rånarane om konflikten: – Nokon er inni helvetes galne, men dei fleste er rolege og snille

«Kan eg ta med eit par kompisar?», spør frå Simon Nilsen gjennom telefonen. Nilsen vil fortelja om råning. Dei siste vekene har rånarar frå heile sør-Noreg samlast utanfor Shell-stasjonen i Sogndal. Kvifor? For å vise støtte. I februar kasta studentar frå bygda egg på bilane deira.  

Litt seinare same dag møter Nilsen til avtalen utanfor Shell. Med seg har han ikkje ein kompis, ikkje to. Ein litt overvelda journalist tel sytten bilar linja opp fulle av ungdommar i alle aldrar.

Nilsen trekkjer tilfreds på skuldrene. Han har hatt lappen sidan han var 18 år, og råna sidan den gang.

– Det er gøy, ein møter folk. Det er ein sosial arena, og alle er velkomne, seier Nilsen.

– Det er kultur, ropar Andreas Skjerven frå bilen ved sida. Motorar rusas og lys blinkar. Somme slår i bildørene som applaus.

Les meir her.

SOSIALT: Rånarane køyrer mellom råneplassane i Sogndal og stoppar opp, for å prata med dei forskjellige i dei andre bilane. Foto: Kyrre Fitje

Forskaren har sjeldan sett fleire flytte frå Oslo. Årdølen Birgitte er éin av dei

I november 2020 kom Birgitte over ei stillingsutlysing som sjukepleiar på sjukehuset i Lærdal. Planen var ikkje å flytta heim, men ho søkte. Tanken kom først etter innkalling til intervju.

Birgitte fortel at ho eigentleg er heimekjær. Det gjorde det enklare å takka ja til jobben. Ho flytta heim att i midten av januar og merka fort ein stor forskjell.

– Eg søkte eigentleg berre for å visa interesse. Eg hadde ingen tanka om å faktisk reisa tilbake, seier ho.

Les meir her.

HEIM: Birgitte Seim frå Årdal flytta heim att under koronakrisa. Foto: Lasse Styve Andersen

Då Benjamin og Gabriel (15) såg røykhavet, sprang dei inn i det brennande huset for å hjelpe til

Husbrannen på Kjos kunne fort hatt eit anna utfall om det ikkje var for dei heltemodige tvillingbrørne frå Hafslo.

Brødrene var lynraske i reaksjonen då dei såg røykskyene stod opp frå nabohuset ved Kjos på Hafslo.

– Me høyrde berre masse knitring og braking frå underetasjen. Det var masse røyk overalt, men me måtte jo få dei ut, seier Benjamin Skjerven Afdal.

Les meir her.

HELTEMODIG INNSATS: Tvillingbrørne Benjamin (T.v.) og Gabriel Skjerven Afdal spurta til det brennande huset for å hjelpe, då dei såg røykskyene synte seg. Foto: Ola Weel Skram

Eit år i Årdal gjorde at Vibeke (26) fann tilbake til sin gløymde lidenskap. No vil ho gje noko tilbake til bygda si

Det er langt frå stupbratte fjell i industribygda Årdal, til måseskrik i kystbyen Brighton. No vil Vibeke Vigdal Øren ta musikalen med seg heim.

I ein tom dansesal på Årdal Gym står ei 26 år gamal dame frå Årdal. Dagens første danseøkt er nett unnagjort. No har ho ein 45 minutts pause før neste teoriøkt byrjar. I mellomtida skal ho heim å få seg ein matbit, og få tid til å snakke med ein journalist. Årdølen er Vibeke Vigdal Øren. Eller Becs, som ho no kallar seg.

– På vidaregåande vart eg veldig interessert i alt kring trening og kosthald. Eg var veldig «flink-pike», og hadde gode karakterar, seier ho.

Les meir her.

HEIME I ÅRDAL: Øren studerer musikal på Institute for Contemporary Theatre i Brighton. Sidan januar har ho stått fast i Norge grunna mutasjonsutbrotet i England. Foto: Kyrre Fitje

Gaveriet skal seljast: – Me vil ha inn nye unge eigarar

Etter at Ole Vidar Øren tok over eigarskapet i 2015, har han og Kirsten Øren no bestemt seg for at deira tid ved roret er over. No er dei på jakt etter nokon som kan ta Gaveriet til nye høgder.

– Me hadde tankar om å selja litt lengre ut i løpet, men av ulike årsaka såg me nøydde til å påskunda planane våre. Eg vil bruka ord som at sjølv om me som eigarar er i ferd med å gå ut på dato, så bør butikken ha ei god framtid, seier han.  

Les meir her.

GAVERIET: Det går mot ny tilvære for Kirsten Øren. Foto: Lasse Styve Andersen
Til toppen