Meir tablettar og narkotika
Talet på førarar som er mistenkte for køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol, har auka frå 2000 i 1990 til 6000 i 2016. I perioden har det vore sterkast auke i talet på førarar påverka av amfetamin og cannabis.
Seniorforskar Hallvard Gjerde ved avdeling for Rettsmedisinske fag ved Oslo universitetssjukehus, som har skrive den ferske rapporten om køyring i rusa tilstand, meiner at grunnen både er ein auke i tablettbruk og ein auke i bruken av andre rusmiddel, og at politiet har betra kontrollane sine.
– Folk bruker meir tablettar no enn før. Men politiet har også blitt meir merksame på problemet og har fått betre utstyr for å sjekke om personar køyrer i rusa tilstand, seier Gjerde.
Alkohol er verstingen
Sjølv om det har vore stor auke i andre rusmiddel enn alkohol, er det framleis alkoholen som er verstingen når det gjeld rusmiddel i trafikken seier Gjerde.
– Grunnen er dei eigenskapane alkohol har. Det er hovudsakleg sløvande, men får oss også til å ta større risiko enn vi elles ville tatt. Det same gjeld med amfetamin, som kjem på andreplass over rusmiddel som gir størst ulukkesrisiko i trafikken.
Straffbart
For å minske talet på trafikkulukker relatert til rus meiner Gjerde både samfunnet og den enkelte har eit ansvar.
– Vi må gjere vegane tryggare og betre trafikktryggleiken generelt. Betre rutinekontrollar vil også hjelpe på. Men det er også viktig med informasjon. Folk må vere klar over konsekvensane og at det faktisk er straffbart å køyre med visse mengder av stoff som hasj og valium i blodet, seier forskaren.