Høyanger: Høyanger kommune gav i sommar konsulentføretaket PricewaterhouseCoopers AS (PwC) i oppdrag å utarbeide ein rapport med vurderingar kring framtidig organisering av helse- og omsorgstenestene i kommunen. Barnevern og NAV er ikkje omfatta av rapporten.

Rapport: – Bør samlokalisere tenestene i helse og omsorg i framtida
Høyanger kommune vert tilrådd å gjere store omstillingar dersom kommunen skal klare å levere helse- og omsorgstenester til ein overkommeleg kostnad i framtida, ifølgje den bestilte rapporten frå PricewaterhouseCoopers.