RAPPORT: Ein rapport som Balanza Gruppen har utarbeidd for Årdal Utvikling slår fast at eit parkeringsforbod på denne parkeringsplassen kan få store konsekvensar for handelen.
RAPPORT: Ein rapport som Balanza Gruppen har utarbeidd for Årdal Utvikling slår fast at eit parkeringsforbod på denne parkeringsplassen kan få store konsekvensar for handelen. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Rapport: Parkeringsforbod kan gi vesentlege negative konsekvensar for butikkane

På sikt kan hasteinnføring av denne type tiltak som skapar usikkerheit for næringslivets føresetnader, koma til å skada kommunen rykte mot investorar.

Årdal: I rapporten vert det slått fast at kundar som kjem med bil til torget utgjer om lag 80 prosent av dei besøkande. Difor vil fjerning av parkeringsplassane utanfor Årdalsenteret få store konsekvensar, er konklusjonen i rapporten som Balanza Gruppen har utarbeidd for Årdal Utvikling.

Det var i mai forslaget om å fjerne parkeringsplassane framfor Årdalsenteret kom opp i eit formannskapsmøte. Det var Arbeidarpartiet som kom med framlegget, som då skulle vere ein kompensasjon for at dei i same møte sa ha til 32 nye mellombelse parkeringar på Jotunplassen.

Forslaget skapte reaksjonar, både blant den jamne innbyggjar, men spesielt hjå Coop, som eig Årdalsenteret. Svein William Nilsen, eigedomssjef for Årdalsenteret i Coop Norge Eiendom AS, kalte forslaget håplaust.

Omsetninga har auka

No slår ein 23 sider lang rapport fast at Nilsen har mykje rett i det han seier, og at eit parkeringsforbod vil få konsekvensar for omsetninga på butikkane i nærleiken.

STOPP PÅ TORGET: Omsetninga i handelen har auka med fire prosent frå 2015 til 2016. No jobbar kommunen med å få fleire til å stoppa på torget når dei passerer.
STOPP PÅ TORGET: Omsetninga i handelen har auka med fire prosent frå 2015 til 2016. No jobbar kommunen med å få fleire til å stoppa på torget når dei passerer. Foto: Synne Asheim Haga

– Det viktige er at når me skal satsa på handel, og med det handelsmønsteret me har i Årdal, så er me nøydde til å ha parkeringsfasilitetar som støttar opp under satsinga. Viss Årdal ikkje legg til rette for det, vil me ikkje få investorar til å satse i handelen, seier Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling.

I rapporten vert det peika på at omsetninga i detaljhandelen har auka med rundt 20 millionar eller fire prosent frå 2015 til 2016. Sidan Coop og Sportshuset er butikkane som vert hardast råka, er desse intervjua i rapporten.

Avhengig av bil

Coop peikar på at dei eigentleg vil ha ein parkeringsplass per éin million i omsetning. I dag har dei ein omsetning på 60 millionar kroner. Reidar Offerdal, som driv Sportshuset og nokre av butikkane over, fortel at då det var arbeid på torget i si tid, gjekk omsetningen merkbart ned. Han fryktar dettekan vere kroken på døra for fleire av butikkane.

Det blir også vist til andre rapportar, TØI-rapporten, som seier noko om kunnskapsstatus for handel, tilgjengelegheit og bymiljø i sentrum. Her kjem det fram at det er bilistane som legg att mest pengar.

AVHENGIG AV BIL: Laberg peikar på at handelsmønsteret i Årdal gjer at ein er avhengig av bil når ein skal på handel.
AVHENGIG AV BIL: Laberg peikar på at handelsmønsteret i Årdal gjer at ein er avhengig av bil når ein skal på handel. Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Med den type handelsmønster me har i Årdal, der me er eit regionalt tilbod med kundar som kjem langt vekke frå butikkane, så er ein avhengig av bil. Kollektivtrafikken er dårleg, og me har ikkje sykkelvegar og sykkelfasilitetar. Me kan ikkje forvente at folk skal sykla frå Årdalstangen på handel. Handel er viktig for Årdal, og berre rundt torget utgjer det rundt 80 arbeidsplassar, seier han.

– Sjokkert

Kommunen har jobba målretta med å samle fleire av tenestene til Øvre Årdal, slik at innbyggjarane kan unnagjere fleire ærend samstundes. Dei siste åra har omsetningen gradvis auka og handelslekkasjen blitt tetta. 

I Årdal Utvikling er dei også i gang med eit prosjekt som handlar om å få gjennomgangstrafikken til å stoppa. Dette er ein del av den omfattande satsinga på reiselivet.

– Plutseleg får me eit slikt vedtak over oss utan noko forvarsel. Eg vart nesten litt sjokkert, eigentleg. Det er ikkje slik me skal gjennomføra reguleringsprosessar i Årdal. Eg vil påstå at me har eit rykte i kommunen om at me er til å stola på når det gjeld investorar, held Laberg fram.

– Det er ikkje så mange år sidan me hadde grundige diskusjonar då Coop etablerte seg, og plutseleg med eit slikt hastevedtak skal me slå bein om alle signala me gav då. Me kan ikkje akseptera at kommunen skal oppføra seg på denne måten.

Saka har vore på høyring i sommar, og Coop skal i møte med kommunen tysdag 15. august. Truleg vil det koma ei avgjerd i saka i eit av dei første politiske møta i haust.

 

 
Til toppen