LEIA GRANSKINGA: Setterådmann Knut Broberg har leia granskinga av varslingssakene i Sogn barnevern.
LEIA GRANSKINGA: Setterådmann Knut Broberg har leia granskinga av varslingssakene i Sogn barnevern. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Rapport: Varslarane i Sogn barnevern vart trakasserte av leiarane

Setterådmann Broberg kallar fleire av konklusjonane i rapporten for alvorlege, men treng tid til å vurdera dei.

Sogndal: Tysdag fekk politikarane i Sogndal presentert den endelege rapporten som tek for seg varslingssakene i Sogn barnevern. Frå 2011 til 2016 var arbeidsmiljøet så dårleg på grunn av konfliktar at fleire tilsette blei sjukemelde.

Rapporten slår fast at ei rekkje tidlegare tilsette, som no har status som varslarar, har blitt trakasserte av leiarane sine, blant anna av leiar Hadle Blikra i Sogn barnevern og tidlegare rådmann Jostein Aanestad i Sogndal kommune.

Fleire av varslarane har óg blitt utsette for gjengjelding på grunn av at dei har varsla om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen. I tillegg har fleire av dei blitt diskriminerte på bakgrunn av medlemskap i fagforeining.

LEIA GRANSKINGA: Setterådmann Knut Broberg har leia granskinga av varslingssakene i Sogn barnevern. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Det er ikkje til å legga skjul på at fleire av sakene, der varslingssekretariatet konkluderer med brot, er alvorlege, seier setterådmann Knut Broberg til Porten.no.

Les óg: Setterådmannen lover openheit om varslingssakene i barnevernet

Blikra vil ikkje meina noko enno 

Tidlegare rådmann Jostein Aanestad har onsdag ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. Leiar Hadle Blikra i Sogn barnevern vil ikkje kommentera konklusjonane i rapporten.

– Eg har ikkje fått gått gjennom rapporten godt nok til å meina noko offentleg om han enno, seier Blikra til Porten.no.

I avskjedstalen i april kritiserte Aanestad kommunestyret for at dei bad om ei gransking av Sogn barnevern i 2016. Rådmannen meinte politikarane risikerte å bruka tid og pengar, utan å få tydelege svar.

Broberg: – For tidleg å snakka konsekvensar

I presentasjonen til politikarane la setterådmann Knut Broberg óg fram andre eksempel på kritikkverdige tilhøve, som bruk av åtvaringar utan naudsynt grunnlag, og mangelfull oppfølging av varsel. 

– Kva konsekvar bør dette få for leiarane som er omtala?

– Korleis dei enkelte sakene skal handterast, er det for tidleg å seia noko om. Det skal me bruka tid på no, seier Broberg, og reknar med at oktober og november vil gå med til den jobben.

Fungerande rådmann Ole Gunnar Krakhellen vil ikkje kommentera funna i rapporten, men meiner setterådmannen er den rette til å gjera det. For han er det viktig å påpeika at arbeidsmiljøproblema og varslingssakene ligg fleire år tilbake i tid.

– Me har ei velfungerande teneste i dag, som lever gode resultat og har nøgde tilsette, seier Krakhellen.

Til toppen