Sogn: – Ein må ha vinterdekk om ein skal over alle fjellovergangane no. Sjølv om snøen ikkje har lagt seg, kan det vera frose på, og då er det ikkje nok med sommardekk, seier Marius Råve i Statens vegvesen til avisa Hordaland.
Natt til fredag kom det snø på fleire av fjellovergangane mellom Austlandet og Vestlandet.
Det kom overraskande for mange bilistar, og fylkesveg 55 over Sognefjellet blei stengd sidan altfor mange bilistar møtte opp med sommardekk, fortel avisa. (©NPK)