RAS: Raset skjedde like utanfor Finnsåstunnelen.
RAS: Raset skjedde like utanfor Finnsåstunnelen. (Eivind Hellesund)

Fredrik Vee høyrde rummel og brak frå raset då han sat heime i huset på Hæreid

Eit stort stein- og jordras har sperra vegen mellom Årdalstangen og Fodnes. 

TUNNELLEN STENGT AV FRÅ ÅRDALSTANGEN-SIDA: Ved tunnelinngangen på Lægreid, på Årdalstangen-sida av Finnsåstunnelen Raset skjedde på den andre sida av tunnelen. Bilete: Fredrik Vee. 
MELLOM ÅRDALSTANGEN OG FODNES: Raset skjedde på strekninga Fodnes-Årdal. Like utanfor den delen av Finnsåstunnelen som peikar mot Fodnes. 

Årdal: Det har gått eit stort ras i Årdal, opplyser politiet og Statens vegvesen. 

Raset skjedde like etter Finnsåstunnelen, på den sida av tunnelen som peikar mot Fodnes. 

Vegen er fullstendig sperra av raset. Det er ikkje mistanke om at nokon er tatt av raset, opplyser politiet. 

Vidare seier dei at for å vera hundre prosent sikre på at det ikkje er gått nokon i raset, vil det verta sendt tre dykkarar og ein innsatsleiar frå Bergen for å sjå i fjorden. Desse vil koma i morgon fredag og utføra oppdraget.

Vitne høyrde alt bulderet frå raset heime i huset på Hæreid

– Eg sat heime i huset mitt på Hæreid, og høyrde ein kraftig rummel og at det braka. So såg eg ut glaset, og då såg eg ei sværa støvsky som la seg ut etter fjorden og dreiv oppover i lufta. Og eg såg steinar som fór ned i sjøen, seier Fredrik Vee. 

Han tykte det var store steinmengder som fór i sjøen, og trudde det skulle koma store bylgjer, men noterte likevel ikkje bylgjer utanom det vanlege.

Såg berre støvskya frå Saltviki

– Då eg køyrde ned i Saltviki såg eg berre støvskya. Derifrå såg det ikkje ut som om raset hadde truffe vegen, men so såg eg bilete i avisene av at raset hadde sperra vegen fullstendig utanfor tunnelen. 

Vee køyrde so bort til Finnsås-tunnelopninga på Lægreid.

Inngangen var alt stengt og politi med blålys heldt vakt utanfor. Han såg òg utrykningsfolk med blålys på den andre sida av tunnellen.  

Vee trur ikkje at folk vart tekne av raset 

SPOR ETTER STEINMASSEN SOM LOSNA: Midt i biletet ser me spor etter den losna steinmassen. Det er eit nytt brunt felt som har kome til i fjellet, seier Vee, det som er litt mørkare enn omgjevandene. Bilete: Fredrik Vee

Vee trur ikkje nokon bil har vorte teken av raset. Han såg ein kvit lastebil langt borte, som heldigvis ikkje hadde kome fram til tunnelområdet då raset gjekk.

– Det verka heilt stille på vegen, so det verka definitivt ikkje som noko ferjerush var på vegen i det aktuelle området på rastidspunktet, seier Vee. 

I breidde er raset 70-80 meter, har Sogn Avis fått høyre frå Statens vegvesen. 

Mange av dei som køyrer gjennom tunnelen skal med ei bestemt ferje, men andre igjen skal mot Lærdal og køyrer soleis heilt utan å ta omsyn til ferjetider. 

Vegen stengd minimum fram til laurdag

NRK siterer Statens vegvesen på at vegen i alle fall vil verta stengt fram til laurdag. Einaste veg ut av Årdal kommune, anten ein held til kring Årdalstangen eller Øvre Årdal, vert fjellvegen til Tyinkrysset. Derifrå kan ein anten ta seg austetter gjennom Valdres, eller sørvestetter mot Lærdal. 

Til toppen