RAS: Mellom Årdalstangen og Fodnes.
RAS: Mellom Årdalstangen og Fodnes. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

Bil truffen av steinar – føraren høyrde det buldra frå fjellsida

Vegen mellom Årdalstangen og Fodnes vart søndag kveld stengd etter eit mindre ras.

Årdal: Ifølgje politiet gjekk raset på vestsida av Finnsåstunnelen.

FLEIRE RAS: Tidlegare på kvelden gjekk det eit ras like ved Sørheim mellom Skjolden og Ornes. Foto: Porten-tipsar

– Det har gått eit steinras. Ein bil har fått materielle skadar. Vegen er stengd, skreiv politiet på Twitter klokka 23.05.

Vegtrafikksentralen opplyser at dei har stengd av tunnelane med raudlys. Klokka 23.10 har verken entreprenør eller politi kome til staden.

Bilførar ringde sjølv og melde frå om raset klokka 22:45.

– Bilen hans har blitt truffe av rasande stein. Han har ikkje skada seg sjølv, og det er ingen som er tekne, det er me sikre på, seier Lars Geitle ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt.

Han fortel at innringaren kunne høyra buldring i fjellsidene etter raset. Politiet vil ikkje opna vegen før folk frå vegvesenet har vore på staden og vurdert faren for nye ras.

–  Det er ikkje så mykje stein at vegen er fysiske sperra. Ein person har køyrt forbi raset i ettertid, før me fekk stengt det. Så det er ikkje kjempestort, seier Geitle.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen