Aurland: Bane Nor har sendt mannskap til Flåmsbana etter det har gått eit steinras, melder NRK som omtala saka først.
– Det har kome ned ein del stein. Det er litt skadar på sporet. Bana blir i alle fall stengd ut dagen i dag, sapressevakt i Bane Nor, Olav Nordli til NRK.
Han opplyser at det vert jobba med å sikra og reparera skinnene. Bane Nor har ikkje fått fullstendig oversikt endå, og vil koma til bake til når bana kan opnast att.
To avgangar frå Flåm og to avgangar frå Myrdal blir råka av stenginga.

Porten.no oppdatere saka. Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no.