Aurland: Sesongen starta med brak i Aurlandsdalen. Tidlegare i vår gjekk det eit steinras ved Ospedelen, rett ved Almen.
– Stien vart dekka av grove steinmassar, og me har erfart at det framleis kjem steinsprang i området, seier Snædís Laufey Bjarnadóttir i Nærøyfjorden Verdsavpark i pressemeldinga.
Ferdsel på strekninga Vassbygdi – Sinjarheim er difor ikkje tilrådd før området er rydda og er vurdert trygt for ferdsel
Fjellsidene og ura skal no ryddast. Arbeidet tek til i starten av juni og skal vera ferdig på to veker. Medan arbeidet pågår, vil partiet mellom Vassbygdi og Sinjarheim vera stengt for all ferdsel grunna tryggleik.
Andre alternative ruter
Medan arbeidet pågår, nemner parken andre ruter folk kan nytta.
- Berdalen - Tyrtesva – Bjønnstigsvarden – Berdalen. «Tur for dei fleste med utsikt frå Bjønnstigvarden.»
- Stonndalen – Hovdungo - Teigen - Bridlebrui – Berdalen/Østerbø. «Tur for dei fjellvante med utsikt frå fjellstølen på Hovdungo.»
- Østerbø – Vetlahelvete – Berdalen. «Tur for dei fleste med jettegryte og utsikt ved Vetlahelvete.»
– Landskapet her på Vestlandet er skapt av kraftige geologiske prosessar, som me må ha respekt for. Opplevingane er heilt unike, men tryggleiken får du ved å vere merksam på vêrforhold, lytta til det som skjer i landskapet rundt deg og spørja kjentfolk for tips, seier Bjarnadóttir.