Øvre Årdal: Det var rundt 15-tida fredag ettermiddag at raset gjekk. I opptil fleire minutt rasa det jord og steinar ned Bøskreda mellom Ålmennhagen og Tronteigen.
– Gangvegen er stengt. Fanggropa som er laga til, er fylt opp av masse og har tetta stikkrennene. Vatnet renn både framover og heimover, så no er det sett inn ei gravemaskin og tre lastebilar for å få vekk massen, seier seksjonsleiar for utedrift i Årdal kommune, Bjørn Indrebø.
Når massen er vekke og ein får opna stikkrennene att, vil dei gjere ei ny vurdering for om vegen kan opnast. Truleg blir det laurdag morgon.
Tidlegare fredag var beredskapsleiar Inge Steinheim på plass for å sperra av gang- og sykkelvegen slik at folk ikkje skal passere over raset.
Artikkelen held fram under biletet.

Det er ikkje uvanleg at det rasar i dette området, men det er ein del år sidan førre gong. Ved eit høve var raset så stort at det demde opp elva.
Det har regna kraftig fredag, og dette er nok årsaka til skredet. I dette tilfellet såg det ikkje ut til at det var store materielle skadar på infrastruktur.
