RAS: Det har gått eit steinras på fylkesveg 5586 ved Åkre i Høyanger.
RAS: Det har gått eit steinras på fylkesveg 5586 ved Åkre i Høyanger. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal / Arkiv)

Ras stenger veg på Høyanger sørside - blir ikkje opna tysdag

Klokka 17:10 melder Statens vegvesen om eit ras ved Åkre på Høyanger sørside.

Høyanger: Det har gått eit ras på fylkesveg 5586 ved Åkre.

Vegen er stengt grunna raset, og vil ikkje bli opna i dag, melder Vegvesenet. Det vert gjort ei ny vurdering onsdag klokka 10. 

Vegen er einaste moglegheit for innbyggjarane i området å koma seg til og frå etter at fylkeskommunen vinterstengde fylkesveg 92 over Stordalen frå 1. november. Dei er dermed isolerte. 

Det er mogleg å ta båt frå Nordeide til Ortnevik, men den går sjeldan og tek berre nokre få bilar om gongen.

Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no.

Til toppen