Lærdal: Det var rundt 08.00 måndag morgon at eit ras trefte og dekte halve vegbana på fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Fodnes.
Raset gjekk om lag ein kilometer frå Bermålstunnelen på lærdalssida. Klokka 09.15 var Statens vegvesen allereie på plass, og opprydding hadde starta.
– Det er ei større blokk som har kome ned. Raset har gått frå omtrent 50-60 meter opp i terrenget, seier byggjeleiar Rune Dvergsdal til Porten.no.
Han hadde allereie vore oppe i terrenget og sjekka om det var fare for nye ras, noko ein han meiner det ikkje er.
– Det er litt småskadar i vegkanten. Me har allereie byrja å køyre vekk massar, og så lyt me vente litt med den store slik at me får delt han først, legg han til.
Dvergsdal trur det ville ta omtrent ein time før begge vegbanene opnar att, noko som vil seie rundt 10.30. Det er manuell dirigering på staden, og trafikk får passere.