Rasar mot feil bruk av omstillingsmidlar
meiningar
(Foto: Arkiv)
meiningar

Rasar mot feil bruk av omstillingsmidlar

Gudbrandur Ingolfsson er rasande på det han meiner er feil bruk av omstillingsmidlar. Les innlegget hans her. 

  • Endret

Ordførar Arild Ingar Lægreid informerte stortingsrepresentantane om eit utviklingsprosjekt som Årdal Utvikling og Årdal kommune har sett i gang. Med fylkeskommunale omstillingskroner vil dei nytta månadane framover til å utvikla prosjektet vidare før dei vil prøve å få Norsun til å overta prosjektet

– Det går i korte trekk ut på å byggje på bedriften og auke produksjonen. Me trur det er heilt naudsynt for at den bedriften skal ha mogelegheit for å klara seg i Årdal og i Noreg, seier Lægreid. (Porten.no, 24.4.2015).

No skal kommunen bruke omstillingsmidlar frå fylkeskommunen for å forsøke og få NorSun til å utvide produksjonen. Er ikkje det NorSun ved styret som skal finne ut om fabrikken er liv laga, og om den skal utvidast?

Burde ikkje kommunen og for så vidt kommunen sitt ”utviklingsselskap” bruke omstillingsmidla til noe viktig og berekraftigt som vil bere fram fruktar?

Kommunen sammen med LO i Årdal, fagforeningane, og Årdal Arbeidarparti brukte enorme ressursar, midlar og tid, for å forsøke å få Hydro til å modernisera eksisterende anlegg i Årdal og utvide desse i forbindelse med avvikling av Søderberg-«teknologien», men alt forgjeves. T.o.m. Årdal Kjemiske Fagforening fikk vedtak på et av sine årsmøter om å få utreda moderniseringsprosjekt for Hydro. Kva blei det av denne utredningen? Korleis mottok Hydro utredninga? Kor mykje kosta denne utredningen? Kva førte utredningen til? Her er det mange ubesvarte spørsmål som ingen har svart på. Det gikk så langt at det blei sagt at vi (Årdal) hadde ein gullkanta avtale om at kraften som er produsert i Årdal, skulle brukes i Årdal. Likevel står vi i Årdal uten at Hydro moderniserte eller utvida anlegga/fabrikken, Hydro ser på anlegget på Karmøy som bedre og meir interessant alternativ. Kva gjekk galt?

Vi fikk t.o.m. besøk av fleire statsrådar, og stortingsrepresentanter og samtlige meinte at Hydro MÅTTE modernisere/utvide anleggene og fabrikken i Årdal, men tida har vist at hverken stortingsrepresentanter og eller statsråder har ingenting med hverken Hydro eller andre selskap sine beslutningar å gjere. Det viste seg at det er selskapa sjølv ved blant anna styret som tar beslutninger angåande eventuelle modernisering og eller nyinvesteringer, noko kommuneleiinga og politikere berre må finne seg i.

I likhet med fiaskoen Dooria er NorSun som kjent eit biprodukt av nedbemanningsprosess i Hydro, i forbindelse med nedlegging av Søderberghallene og den gangen blei det brukt omstillingsmidlar for å få NorSun-fabrikken på beina, i tillegg har NorSun fått flere titalls millionar i tilskot frå Innovasjon Norge. Det er dessverre berre ein gang slik at NorSun har ingen god CV å flagge med (sjå link).

Kvifor i all verden skal kommunens ”utviklingsselskap” bruke tid og omstillingsmidlar fra fylkeskommunen på eit slikt prosjekt utan å vita om det tjener NorSun i det heile? Eller som ordførar Arild Ingar uttaler; Dei håpar at NorSun vil ta «utviklingsprosjektet» videre, når f.eks. analytikar Erik Vegem Dahle i Pareto Securitas som følgjer solbransjen tett ikkje trur på nokon nyeetableringar av industriarbeidsplassar i solindustrien i Norge. Han begrunner det med høgt kostnadsnivå i Norge, og i tillegg er det ein fordel å ha produksjonen nærmere sluttbrukermarknadane. Han meiner også at dei eksisterande selskapa i denne industri i Norge ikkje vil virke særlig forlokkende på potensielle etablerarar. Historia rundt Rec, Elkem og andre har nok også ein avskremmende effekt.

Lat det vere sagt/skrevet at det hadde ikkje vore noko bedre enn at NorSun, Hydro og andre selskaper hadde satset STORT her i Årdal, og fått bygda til å blomstre, det hadde vore heilt fantastisk, men verda er berre blitt slik at alle seriøse selskap avgjer sjølv, når og kor de eventuelt vil eller skal etablere seg og/eller modernisere eller utvide eksisterende anlegg. Det skal ikkje vera kommunane si oppgåve å styre eller jobbe med prosjekt for selskap, men sjølvsagt skal kommunane legge til rette alt som kan leggast til rette for oppegående og seriøse selskaper som vil noko i kommunane. Det er i bunn og grunn kommunen sin oppgave i den samanheng.

Vi årdøler (eg trur og håpar at eg snakkar for alle årdøler) ønskjer alle hjertelig velkomne som er interessert i å etablere bedrifter i Årdal og de som allerede er her, og ønske om å utvide eller modernisere eksisterende anlegg skal takast meget godt vare på.

Kommunen sitt ”utviklingsselskap” som mange av mine sambygdingar av ein eller annan grunn kallar for avviklingsselskap skal sørge for utvikling i kommunen, ikkje blande seg i driften av eksisterende selskap. Det er sjølve kommunen som skal sørge for å legge til rette for dei selskapa som meiner å ha noko på hjertet som behøver tilrettelegging.

Sjølvsagt er det slik, at samtlige selskap i Norge og i verden forøvrig kjempar kvar dag for både å utvikla og betra driften for å kunne tjene pengar, her skal ikkje kommunene blande seg inn. Kommunane generelt har meir enn nok med sitt. VI MÅ TENKE NYTT, eller som Knut Henning Grepstad sa på møte i forbindelse med kommunesammenslåing: «Det er å tenkja nytt. Kor ofte er det ikkje slik at me ikkje tenkjer nytt, men heller tenkjer korleis eg kan få mest mogleg ut av min noverande situasjon i den nye relasjonen?» Det er nettopp det vi gjør her i bygda, vi tenker korleis og så vidare....men vi tenker ikkje NYTT!

Eg blir neppe populær etter dette skrivet, og det skal eg leva godt med. Eg har opplevd nok så mye populæritet i gjennom mitt forholdsvis lange liv, og då er tida inne for å tole det motsette, MEN viss dette kan bidra til å opne augo våre i den retning at vi TENKER NYTT, ja, då blir eg svært glad.

G. Ingolfsson 

Til toppen