USTABILT: Joasetbergi vil bli kontinuerleg overvaka av NVE framover. Foto: Lars Harald Blikra/NVE 
USTABILT: Joasetbergi vil bli kontinuerleg overvaka av NVE framover. Foto: Lars Harald Blikra/NVE 

Rasfare fører til byggestopp i Flåm eitt års tid

Risikoen for stort ras som vil skapa flodbølgje er større enn ein tidlegare har trudd. 

Aurland: – Me har konkludert i høve sannsyn for ras og konkludert med at me må få på plass ei langsiktig løysing for å ha enno betre kontroll på fjellet, seier Lars Harald Blikra, seksjonssjef i NVE.

Fjellområdet Joaset - Stampa har vorte overvaka sidan år 2000 og det er ei rørsle på ein centimeter i året. Etter ei ny kartlegging vurderer NVE sannsynet for eit stort ras som vil skapa flodbølgje til mellom 1 og 0,1 prosent - større sannsyn enn ein tidlegare har gått utifrå.

Les også: – Joasetbergi er eit høgrisikoobjekt

– Fullt utbygd tidleg neste haust

Blikra forklarar at eit så stort sannsyn fører til at det blir innført byggestopp i områda ei eventuell flødbølgje vil råka.

Artikkelen held fram under biletet

INFORMERTE: NVE ved Lars Harald Blikra informerte om dei nye analysane for Joasetbergi for akuelle etatar i eit møte tysdag. Aurlandsordførar Noralv Distad sitjande til venstre for og nærast Blikra.  
INFORMERTE: NVE ved Lars Harald Blikra informerte om dei nye analysane for Joasetbergi for akuelle etatar i eit møte tysdag. Aurlandsordførar Noralv Distad sitjande til venstre for og nærast Blikra.  

– Det skjer når sannsynet er større enn 0,1 prosent, som her. Men det kan gjerast unntak frå byggerestriksjonane når ein set inn visse tiltak. Difor vil me få på plass betre instrumentering, altså ekstra måleutstyr. Så er det til no gjort ein ganske grov analyse av korleis ei bølgje som følgje av eit skred vil utarta seg. Me har kontakta eit miljø for å få gjort ein grundigare analyse i høve kva områder ei eventuell bølgje vil råka.

– Så kor lang tid vil det ta før ein kan få unntak frå byggjerestriksjonane?

– Det kjem an på fleire ting. Bølgjeanalysen tek me sikte på å få klar før jul. Så må kommunen gjera ein del på plansida. Det må også etablerast varslingssystem for innbyggjarane og etatar, som kommune og politi. Eg vil tru alt er fullt utbygd tidleg neste haust.

Aurlandsordføraren: Både letta og bekymra

Såleis ligg det an til byggjestopp for Flåm i eitt års tid. Aurlandsordførar Noralv Distad og andre aktuelle etatar vart i dag informerte om dei nye kalkylane og planane som ligg føre av NVE.

– Eg er både letta og bekymra. På den eine sida har me visst det er rørsle og risiko for ras i lang tid, men no viser det seg altså at risikoen er større enn ein har gått utifrå. På den andre sida er eg letta over at me får kontinuerleg overvaking raskt på plass, seier han til Porten.

At NVE vil få til ei full utbygging av systemet så fort som mogleg, altså truleg i løpet av eitt års tid, set ordføraren pris på:

– Då blir det mogleg å handtera dette på ein måte som gjer at livet går vidare og at me får utvikla Flåm vidare.  Eg føler me har god beredskap i kommunen i dag, og dette skal ha stort fokus framover så innbyggjarar og besøkjande i kommunen føler seg trygge.

– Så fort som mogleg

Distad er likevel klar på at trugande naturkrefter bitt opp mykje ressursar for Aurland.

– Me er ein kommune i eit område utsett for ras, flaum og i det heile sterke naturhendingar. Det legg eit press på oss, men eg føler kommunen gjer sitt beste for at det skal vera trygt å leva og bu her. Å handtera både denne og andre natursaker er heilt klart ressurskrevjande.

– NVE signaliserer at målingssystemet truleg er fullt utbygd tidleg neste haust og at eitt år med byggestopp såleis ventar for Flåm sin del; er dette problematisk?

– Me har starta eit arbeid med områderegulering for Flåm, som også vil ta noko tid. I tillegg blir det gjort flaumsonekartlegging, så me er inne i ein planprossess. Demed er det ikkje kritisk at ein ikkje kan få dette på plass umiddelbart. Me er så klart interesserte i at det kjem så fort som mogleg, og det er dei signala me har fått frå NVE i dag også. Ein må så klart ta omsyn til årstidene med snø og tele når dette utstyret skal på plass.

Artikkelen held fram under biletet

Regionsjef i NVE, Brigt Samdal i samtale med lensmann i Aurland, Knut Arne Klingenberg under dagens møte.
Regionsjef i NVE, Brigt Samdal i samtale med lensmann i Aurland, Knut Arne Klingenberg under dagens møte.

Ikkje "Mannen-tilstandar"

Rørsla på ein centimeter i året har altså vore der heile tida, så fysisk er det ikkje endringar i Joasetbergi - det er dei nye sannsynskalkylane som fører til at det blir byggjestopp.

Blikra i NVE forklarar dei har hatt god kontroll på fjellet heile vegen:

– Me har fulgd opp kvart år, men no skal det altså opp eit system som måler kontinuerleg.

– Det er ikkje snakk om "Mannen-tilstandar" her, med andre ord?

– Mannen rører seg med ein centimeter i døgnet, så det er ganske stor skilnad, ja.

Utbygginga av dei nye instrumenta som skal måla rørslene i Joasetbergi kontinuerleg vil kosta om lag fem millionar kroner signaliserte NVE i dagens møte.

 

Til toppen