– VIKTIG Å HANDLA: Tea Volle (16) kjem frå Kyrkjebø, men bur på Kaupanger, og har skrive eit lesarinnlegg om antirasisme.
– VIKTIG Å HANDLA: Tea Volle (16) kjem frå Kyrkjebø, men bur på Kaupanger, og har skrive eit lesarinnlegg om antirasisme.

MEININGAR

«Rasisme er ikkje noko val»

– Ta valet ditt. Vel å kjempe, vel å sloss. Saman gjer vi slutt på rasismen, skriv Tea Volle (16).

Meiningar: Du kan ikkje velje om du vil tru på rasismen eller ikkje, for den er der uansett. Du kan ynskje å fornekte, ynskje å sjå vekk, men det hjelper ingenting. Rasismen er der uansett kva vi tenkjer og ynskjer. Den kan ikkje fornektast. Den er ikkje noko val. 

Likevel, så har vi faktisk eit val. Eit utruleg viktig val. For kva for eit samfunn er det vi ynskjer oss?

Ynskjer vi eit samfunn kor alle ser vekk fra rasistiske strukturar fordi dei ikkje vert ramma sjølve, eller ynskjer vi eit samfunn kor alle tar tak? Kor alle jobbar saman for å skape ei verd med like vilkår for alle?

Ikkje greit med rasistiske «spøkar»

Fordi det er ikkje nok å tenkje at du er antirasist. Uansett kor mange som tenkjer det, nyttar det lite utan handling.

Det treng ikkje vere snakk om så mykje. Berre eit hei og ein invitasjon til eit besøk kan gjere mykje. Å seie frå om at rasistiske «spøkar» ikkje er greit. Å snakke med ungane sine om at alle er like mykje verde.

Det spelar eigentleg ikkje så mykje rolle kva du gjer. Det viktigste er at du gjer noko.

Krev handling

At kvar enkelt av oss gjer småting som saman skapar eit betre samfunn. Som saman viser at rasisme ikkje er greit. Det er så ekstremt viktig at du ikkje sit stille i båten og tenkjer at alt ordnar seg.

Fordi det gjer det ikkje.

Det er ingenting som berre ordnar seg. Nokon må ordne det. Ta valet ditt. Vel å kjempe, vel å sloss. Saman gjer vi slutt på rasismen. 

Til toppen