PIPEBRANN: Brannvesenet måtte rykke ut til ein pipebrann på Hafslo torsdag kveld.
PIPEBRANN: Brannvesenet måtte rykke ut til ein pipebrann på Hafslo torsdag kveld.

Raskt brannvesen hindra pipebrann i å spre seg​

Brannvesenet måtte rykke ut til ein pipebrann på Hafslo torsdag kveld.

Hafslo: Ifølgje politiet i Sogn og Fjordane var det godt at brannvesenet kom raskt til staden då det byrja å brenne i ei pipe på Hafslo i natt.

Hendinga vart meldt 02.30, og på grunn av den raske uttrykninga hindra brannvesenet etter all sannsynlegheit pipebrannen i å spreie seg, skriv politiet på Twitter.

Politiet skriv også at dei i Sogndal måtte vise bort ein overstadig berusa person frå ein utestad. Personen hadde då rekt å øydeleggja eit gjerde.

Til toppen