Rasmus Mo er dagleg leiar i Sogndal Fotball
Rasmus Mo er dagleg leiar i Sogndal Fotball (Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar AS)

Rasmus Mo: – Me skal satsa med den gjengen me har

«Sogndal er unikt. Sogndal er aktivitet. Kanskje me skal vera litt flinkare å minna kvarandre på kva me eigentleg rår over», skriv Rasmus Mo

Endeleg 2021. I fotballen håpar me på eit langt betre nytt år. Fullare tribunar og gode møteplassar.

I juni i fjor skreiv eg at me i 2020 kanskje hadde dei beste føresetnadene for å lukkast nokon gong.

Sportsleg vart det ein fantastisk sesong. Det unge laget vårt blomstra. Fleire spelarar vaks fleire nummer og spelte med hjarte utpå drakta. Dei VILLE yta det beste for nettopp Sogndal.


  • Meningar:
    Dette er eit meiningsinnlegg. Det gir utrykk for meiningar og haldingar hjå innsendaren. Har du lyst å skrive meiningsinnlegg i Porten.no? Klikk her.


Me slapp unna smitte og sjukdom
. Dette til trass for eit tett kampprogram og hyppige reiser. Spelarane våre hadde sosial karantene nesten heile sesongen. Budde dei vekke frå familie, var det null fysisk kontakt. Men dei danna sin eigen vesle kohoort-familie. Dei gjekk frå å vera ein fin gjeng til å verta ein stor syskenflokk. Det er eg so stolt og glad for.

Det unge laget vårt blomstra

Rasmus Mo

Det enda med ein tredjeplass og retten til å spela kvallik til eliten. Det var tre plassar opp frå 2019. Kven hadde trudd det? Med litt større utteljing kunne me ha rykka rett opp. Men fotball handlar og om det du ikkje gjer. Med andre ord, me var ikkje gode nok sesongen sett under eit. Me reiste til Infillity som OBOS-klubb den 28.12 og reiste derifrå som eit OBOS-klubb. Me tapte den kampen. Sjølvsagt veldig seigt, men til å leva med. Det handla til sjuande og sist ikkje om eit offsidemål. Kven har sagt at livet skal vera rettferdig. Me spelte som eit Eliteserielag, hugs det.

"At Sivert vert i Sogndal er heilt rett for han"

Spelarane våre kjem attende frå ferie 1. februar. Det gler me oss til. Me skal satsa med den gjengen me har. At Tomas reiste til Tromsø var heilt rett for han. At Sixten reiser til Bryne, er heilt rett for han. At Sivert vert i Sogndal er heilt rett for han no. At Daniel gjer det same, er heilt rett for han no. Syskenflokken gler seg til treningsstart. Det er godt å vita. Seriestarten er sett til 6. april. Det gler heile klubben seg til.

Utviklingsavdelinga har gjort eit særs godt arbeid for å sikra ein god arena for å leggje til rette for visjonen vår: Å vera ein utviklingsarena for unge fotballspelarar. Samhandlinga med Sogndal Vidaregåande Skule og Høgskulen på Vestlandet gjev oss ein fantastisk arena for dei unge. Me er i sentrum for kunnskap. Sogndal er den nest største utdanningsinstitusjonen for utdanning innan idrett. Me treng ikkje å tru lenger, me veit.

Vil satse på damene

Sogndal har i mange år vorte kritisert for manglande satsing på jentefotballen. Det er rettkome. Klubben skal leggja til rette for at jenter, gutar og ikkje-binære skal ha mest mogleg like moglegheiter for trening og kamp. Difor er me no glad for at me har fått tilsett Fausto Gromaz. Hovudoppgåve til mr. Gromaz vert å organisera jentefotballen i klubben.

At Sivert vert i Sogndal er heilt rett for han

Rasmus Mo

Samarbeidet om toppfotball for damer mellom Kaupanger og Sogndal har kome på teiknebrettet. Det kjem til å ta tid, for det handlar om å gjera jobben skikkeleg, slik at det ikkje berre vert eit lauv i vinden. Det krev m a organisasjon og økonomi og ikkje minst dedikerte drivarar.

Me skal jobba endå hardare. Verta endå tydlegare. Me skal jobba knallhardt for at endå fleire skal bry seg om oss og verta endå stoltare. Me er under læring, me kjem til å trå feil, men alle skal vita at me prøver so godt me kan … Kvar einaste dag.

– Me skal ikkje gjera oss mindre enn me er 

Sogndal er kanskje ein liten klubb men med eit godt rykte i fotball-Noreg. Mange ser med undring mot bygda inst i Sognefjorden og kva som er gjort mogleg her. Me skal ikkje gjera oss mindre enn me er. Me er store på anlegg og tilrettelegging. Det er lagt ned eit formidabelt arbeid hjå planleggjarane, igangsettarane, politikarane, næringslivet og folk elles. Og no er det berre dagar att før me opnar ein ny hall på Fosshaugane Campus. Ein hall som gir enno fleire moglegheit.

Sogndal er unikt. Sogndal er aktivitet. Kanskje me skal vera litt flinkare å minna kvarandre på kva me eigentleg rår over. Vera stolte og litt meir nøgde……..litt oftare.

Nyt vinterdagane og gled dykk til den lyse tida. Det kjem til å gå bra til slutt

Til toppen