PRIORITERING: Raudt vil prioritere rassikring og trygge vegar framfor ferjefrie fjordkryssingar i Nasjonal Transportplan.
PRIORITERING: Raudt vil prioritere rassikring og trygge vegar framfor ferjefrie fjordkryssingar i Nasjonal Transportplan. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

MEININGAR

Rassikring og trygge vegar – ikkje Hordfast og fjordbru

– Dersom Vestland i Nasjonal transportplan skulle få meir pengar enn kostnaden med rassikring inneber, vil det vere meir enn nok andre utbetrande prosjekt å bruke pengane på, skriv Einar Rysjedal i Raudt i innlegget.

Meiningar: Rassikring og tryggare vegar eller raskare transport mellom Sunnhordaland og Bergen (Hordfast)? Det er hovudproblemstillinga som fylkestingsmøtet 12. mai må ta stilling til. Raudt si fylkestingsgruppe sitt val er rassikring og tryggare vegar.

Saka handlar om Vestland fylkeskommune si innstilling til Nasjonal transportplan (NTP).  Sentrale styresmakter har bedd om innspel. Fleirtalet i fylkesutvalet har til all lukke innstilt på at fylkestinget skal prioritere rassikring og tryggare vegar framfor Hordfast (i motsetning til FrP og Høgre).  

Då vil ikkje statsminister Erna Solberg vente på innspel lenger. Ho kallar det ei ulukke om ikkje Hordfast blir ein realitet. Dette er oppsiktsvekkjande – statsmakta ber om innspel, men tek til orde mot innspel som ikkje er i samsvar med det som statsmakta sjølv finn for godt. Om det ikkje er oppsiktsvekkjande så er det i alle fall diktatorisk.

Dette er oppsiktsvekkjande – statsmakta ber om innspel, men tek til orde mot innspel som ikkje er i samsvar med det som statsmakta sjølv finn for godt.

Einar Rysjedal (R)

Raudt går mot Hordfast og monsterbrua over Bjørnafjorden som dette alternativet til 40 milliardar kroner inneber. Vi prioriterer liv og helse gjennom at vi heller vil bruke pengane på rassikring. Raudt aksepterer ikkje den miljø- og naturøydelegginga som Hordfast inneber. Vi stiller oss bak Naturvernforbundet og Miljøvernforbundet i denne saka.

Nokon har ymta frampå om at Vestland kan få både Hordfast og rassikring. Det verkar utenkjeleg og det er oppsplittande på fylkesutvalet sitt fleirtal. Dersom Vestland i Nasjonal transportplan skulle få meir pengar enn kostnaden med rassikring inneber, vil det vere meir enn nok andre utbetrande prosjekt å bruke pengane på. Raudt vil ikkje prioritere auka fart, meir trafikk, fjordbruer og naturøydeleggingar. Valet vårt er rassikring, liv og helse.  

Til toppen