RASSIKRING: Flåmsbana vert stengt i tre dagar på grunn av rassikring. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
RASSIKRING: Flåmsbana vert stengt i tre dagar på grunn av rassikring. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Rassikring stengjer Flåmsbana

Flåmsbana vert stengt i tre dagar på grunn av rassikring.

Flåm: Det er Jernbaneverket som melder dette i ei pressemelding. Årsaka er at det har vore fleire steinsprang ved nedre munning på Blomheller tunnel, om lag midt på Flåmsbana.

Det har ført til skade på bana og stans av trafikken ved fleire høve. Nærare undersøkingar har påvist eit område med lause blokker og større steinar like over sporet. 

– Desse bør takast ned kontrollert, og det er gunstig å gjennomføra dette no når sommarrutene opphøyrer. For å få minst mogeleg skade på infrastrukturen må sporet tildekkjast og kontaktleidningsanlegget demonterast. Reinsken i fjellsida kan berre føregå i dagslys, går det fram av pressemeldinga. 

Det er venta at arbeidet med å sikre vil ta tre dagar. Difor vert trafikken på Flåmsbana innstilt når siste tog går søndag 9. oktober. Onsdag morgon skal trafikken gå som normalt att.

Til toppen