TØFFE TAK: Håvard Helgesen (17) frå Sogndal fekk vist kreftene i den bratte klatreruta i finalen. Resultatet vart betre enn han sjølv trudde. Foto: Morten Fjeldheim.
TØFFE TAK: Håvard Helgesen (17) frå Sogndal fekk vist kreftene i den bratte klatreruta i finalen. Resultatet vart betre enn han sjølv trudde. Foto: Morten Fjeldheim.

Råsterk klatreprestasjon av Håvard (17) frå Sogndal

I sitt første meisterskap som senior tok Håvard Helgesen (17) frå Sogndal i helga 6. plass i Nordisk meisterskap i klatring.

Haugesund: Han sleit i den tekniske ruta i første kvalifiseringrunde. Men derifrå og ut fekk tenåringen brukt kjempekreftene sine. I finalen var det bratte veggar, akkurat slike som passar han. 

– Eg følte det gjekk dårleg, for eg var ikkje sliten då eg datt. Men så viste det seg at eg hadde klatra betre enn eg hadde trudd, seier Helgesen vel heime i Sogndal.

I ein konkurranse der kun dei beste frå Norden blir tatt ut, greidde han ein imponerande sjetteplass.

Les også: Her opnar ordføraren klatreparken seks meter over bakken

BESTE NORSKE: Håvard Helgesen vart beste norske junior i konkurransen, nummer tre totalt i klassen.
BESTE NORSKE: Håvard Helgesen vart beste norske junior i konkurransen, nummer tre totalt i klassen.

– Eg veit kor god han er

Eigentleg er han framleis junior, men på grunn av dårleg påmelding, måtte dei konkurrere med seniorane. Det vart likevel delt ut medaljar til juniorane og der fekk Helgesen bronse, bak to svenskar.

– Hadde eg greidd å komme tre tak lenger, så hadde eg komt likt med han som kom på andre. Difor føler eg at eg kunne ha komt litt høgare opp på resultatlistene, men eg er likevel nøgd, seier Helgesen.

Den sterke plasseringa kjem kanskje overraskande på dei som ikkje følgjer klatremiljøet i Sogndal så tett. Dei som er på innsida, derimot, har skjønt at noko var på gong.

– For meg så var det ikkje uventa, for eg veit kor god han er. Men det er ein solid prestasjon, du skal halde hovudet kaldt og samstundes levere det beste du kan fysisk. Å få til begge deler er godt gjort i ein konkurranse, seier klatrekompis Jarle Kalland.

Kan bli så god han vil, men må satse

Han driv klatreveggen i Sognehallen for idrettsenteret og har sjølv vore i norgestoppen gjennom ti år. Han rangerer den unge klubbkameraten blant dei beste konkurranseklatrarane i Norge, i sjiktet bak einaren Magnus Midtbø.

– Men han er god for å vere såpass ung. Dei fleste andre på det nivået er noko eldre, seier Kalland.

Han meiner treningstilhøva og det kompetente klatremiljøet i Sogndal legg alt til rette for dei som ønskjer å satse.

– Han kan bli så god som han vil. Viss han held trykket oppe på treninga, så kan han fint komme seg opp på eit internasjonalt nivå. Det kjem heilt an på kor mykje han er villig til å leggje i det.

Vil klatre ute, men opnar for OL-2020.

Når vi spør hovudpersonen sjølv om akkurat det, om kor god han kan bli, får vi eit noko uventa svar.

– Det veit eg ikkje. Eg vil bli så god som mogleg, men eg vil gjerne reise litt rundt om kring i Spania og andre plassar, for å klatre mest mogleg ute. Det er dèt eg er mest gira på, ikkje konkurransar, seier Helgesen.

Ikkje slik at han har tenkt å slutte å konkurrere heilt, men då berre i utvalde arrangement. Og her er det på sin plass med eit aldri så lite apropos:

– Klatring blir faktisk OL-grein i 2020. Så det er kanskje eit treningsmål. Men det veit eg ikkje enno, seier Helgesen.

Til toppen