AVLYST: Dei grønkledde årdølane fekk ikkje spele kamp mot Høyang i dag.
AVLYST: Dei grønkledde årdølane fekk ikkje spele kamp mot Høyang i dag. (Foto: Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun.)

Rasvegane avlyste handballkamp

Sundag ettermiddag var det duka for 4.divisjonskamp mellom Jotun og Høyang. Begge lag kniva om plass på topp tre i tabellen, men grunna dårleg vêr måtte kampen avlysast.

Årdal: Årdalslaget Jotun låg før kampen på fjerde plass på tabellen, berre to poeng bak Høyang. Trass i at dei låg so likt, hadde årdalsspelarane heile tre kampar færre bak seg. Hittil ikkje sigra over var det venta at Jotun får ein god kamp.

Diverre måtte både 4.divisjonskampen og ein kamp for J14 bli avlyst. Dette var grunna det dårlege vêret som har råka Sogn denne helga. Vegen mellom Årdalstangen og Fodnes er stengd grunna rasfare, og vegen mellom Øvre Årdal og over Tyin skal vurderast opna att sundag ettermiddag. Diverre vert dette for seint, og kampane vart avlyst.

TETT SPEL: Det er tett spel i toppen av tabellen. Slik såg den ut sundag ettermiddag. Illustrasjon: Norges Håndballforbund
Til toppen