Indre Sogn: I Aurland er vassføringa høg i dei fleste elvane, men mest kritisk i Fortunsdalen og i Mørkridsdalen.
– Dei fremste gardsbruka i Mørkridsdalen er isolerte, til saman fjorten personar. Her har elva byrja å grava seg inn på vegen, og er i ferd med å ta eit nytt løp. Nokre familiar i Fortunsdalen er òg isolerte, seier ordførar Ivar Kvalen.

Ordføraren fortel om store materielle skadar på veger, landbruksjord, ein del bygningar og skog. Fleire hus står i fare for å bli tekne. I tillegg har vatnet fare med mange rundballar, som frå før var ei mangelvare etter den tørre sommaren.
– Men det er ikkje fare for liv, i allefall ikkje akkurat no, seier Kvalen.
Til NRK opplyser han at 10-14 personar i Fortunsdalen vil bli evakuerte. Tidlegare sende politiet sendt ut evakueringsvarsel til tre familiar som bur ved Mørkridselvi. Førebels ser det ut til at dei får bli i husa sidan elva er minkande.
– Det er varsla meir nedbør til kvelden. Me håpar at mesteparten ikkje treff oss, seier Kvalen.
- Les òg: Flaumen omringa huset – fire måtte reddast ut
- Les òg: Utla blant dei mest utsette elvene – NVE skjerpar flaumvarselet

Aukar frå oransje til raudt farenivå
I Aurland følgjer kommunen situasjonen nøye etter at Flåmselvi har stige kraftig i morgontimane og utover ettermiddagen.

Brannvesenet var i 14-tida i ferd med å legga ut sandsekkar for å hindra at vatnet skal gå over vegen ved campingplassen.
– Det er svært høg vassføring i elva og ho er stigande. Det er eit kritisk punkt her ved campingen. Vatnet er ikkje på vegen enno, men det er veldig nære, seier ordførar Noralv Distad.
Kommunen har høg beredskap i tilfelle elva skulle stiga enno meir.
I Årdal held kommunen ekstra oppsyn med elva Utla. Eit kritisk punkt er brua ved Sunde Gjenvinning i Utladalen. Viktig infrastruktur som straum og kloakk følgjer brua, som er sperra av.
– Elva er voldsomt høg. Me følgjer med, men det er ikkje så mykje meir me kan gjera, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.
