SUPERT TILBOD: – Raude Kross har eit supert tilbod også her i vårt fylke, med leir på Hauglandssenteret for familiar med dårleg råd, skriv Trude Brosvik.
meiningar
SUPERT TILBOD: – Raude Kross har eit supert tilbod også her i vårt fylke, med leir på Hauglandssenteret for familiar med dårleg råd, skriv Trude Brosvik.
meiningar

– Raude Kross har eit supert tilbod for familiar med dårleg råd

Fattigdom blant born i rike Norge er eit aukande problem. Det kan vi ganske enkelt ikkje akseptere! skriv 2. kandidat for Sogn og Fjordane KrF, Trude Brosvik

MEININGAR: 10 prosent, eller eitt av 10 born, veks opp i det vi kallar fattigdom i Norge. I Sogn og Fjordane er vi, med våre 7 prosent, eit av fylka med minst barnefattigdom.

Men for dei det gjeld hjelper det lite å vite at det er endå færre i same situasjon. Tvert om kan det bli verre, fordi du vert meir utanfor, meir synleg og kjenner endå meir på forskjellane.

Sommarferien er begynt, og vi gler oss til å fortelje om alt det kjekke vi skal, og det vi har gjort. Det er nok å opne Facebook for å sjå at det er viktig for mange. Kva då med dei borna som ikkje har råd til fotball-skule, Lerum-cup, Dyreparken, ein festival, for ikkje å snakke om ein utanlandstur?

Eg er av dei som meiner vi kan gjere mykje kjekt utan å ha lange og dyre feriar, men eg skjønar også at det er sårt for born å kome på skulen til hausten og kvi seg til det uunngåelege spørsmålet; Kvar var du i ferien?

Raude Kross har eit supert tilbod også her i vårt fylke, med leir på Hauglandssenteret for familiar med dårleg råd. Slike tiltak vil eg vere med å løyve pengar til som politikar. Men også som privatperson kan vi gjere det.  For å stimulere til gåver, har KrF forhandla fram at du kan gje kr 30.000 i året til frivillige lag og organisasjonar skattefritt. 

Viktigaste tiltaket mot fattigdom er utdanning og arbeid. Derfor vil KrF skape ein god skule for alle – uavhengig av lommebok. KrF prioriterer fleire lærarar i 1.-4. klasse for å sikre eit godt grunnlag for vidare skulegang og hindre at ungdom sluttar utan å ha fått ferdig utdanning. Ein trygg barndom varer heile livet. Å auke eingongsstøtta ved fødsel, auke barnetrygda og støtte familiane i deira val er god og gjenkjenneleg KrF-politikk. 

Fattigdom blant born i rike Norge er eit aukande problem. Det kan vi ganske enkelt ikkje akseptere!

Trude Brosvik, 2. kandidat Sogn og Fjordane KrF

Til toppen