FLYTTA UT: Marit Arnstad, parlamentarisk leiar i Senterpartiet, meiner det må flyttast ut nokre statlege arbeidsplassar frå i Oslo – i tillegg til at nye blir skapt utom hovudstaden. Arkivfoto
FLYTTA UT: Marit Arnstad, parlamentarisk leiar i Senterpartiet, meiner det må flyttast ut nokre statlege arbeidsplassar frå i Oslo – i tillegg til at nye blir skapt utom hovudstaden. Arkivfoto

Raudgrøn dragkamp om statlege arbeidsplassar

Senterpartiet vil flytte fleire eksisterande statlege arbeidsplassar ut av Oslo, mens Arbeidarpartiet vil nøye seg med å etablere nye utanfor hovudstaden.

– Arbeidarpartiet vil ikkje ha noka omfattande flytting, seier partisekretær Kjersti Stenseng i til Klassekampen. Framfor å flytte ut eksisterande arbeidsplassar seier ho Ap heller vil legge nye arbeidsplassar utanfor Oslo.

– Eg er samd med Ap i at vi må etablere nye arbeidsplassar utanfor Oslo, men eg trur ikkje det er tilstrekkeleg. Vi må flytte nokre i tillegg, seier Sps parlamentariske leiar Marit Arnstad.

Regjeringa har fram til i vår vedtatt å flytte 630 årsverk ut av Oslo. Fleire flytteprosjekt er under vurdering, og summen kan komme opp i 1.200 årsverk.

Til toppen