NOMINASJON: Raudt Årdal har nominert Stephan Øren til stortingsvalet i 2021.
NOMINASJON: Raudt Årdal har nominert Stephan Øren til stortingsvalet i 2021. (Foto: Raudt)

Raudt Årdal vil ha Stephan på Stortinget: – Industribygdene i Sogn treng ein sterk talsmann

Han er nominert saman med Hege Terese Olsen.

Årdal: I forbindelse med at lokallaga til Raudt Sogn og Fjordane skal nominere kandidatar til stortingsvalglista før 1. juli. Raudt Årdal nominerer leiar, Stephan Øren, og nestleiar, Hege Terese Olsen. Det kjem fram i ein pressemelding.

Dersom Raudt bryt sperregrensa ved valet i 2021, vil Raudt kunne få inn mange mandat på Stortinget. Gjennomsnittstal frå pollofpolls.no for juni måned viser at Raudt har 4,6% oppslutning og ville fått 8 mandat på stortinget dersom det var valg i dag. Eitt av dei mandata kunne vore utjamningsmandat for Sogn og Fjordane.

I pressemeldinga står det vidare at leiar, Stephan Øren, siktar mot topplassering på lista. Øren var med å skipe lokallag i Årdal i 2018, og kom inn i kommunestyret i Årdal ved kommunevalget 2019. Han har bakgrunn frå industrien i Årdal og er aktiv innan fagforeningsarbeid. Industribygdene i Sogn treng ein sterk talsmann for at industrien i Norge skal få så gode rammevilkår som mogleg. Han vil òg jobbe for å få oppløyst tvangssamanslåtte kommunar og fylkeskommunar, også Vestland.

Dei øvrige nominasjonane til Stortingsvallista frå Raudt Årdal er:

  • Geir Oldeide, Vågsøy
  • Ingunn Kandal, Høyanger
  • Einar Ove Rysjedal, Høyanger
  • Rita Tonning, Sunnfjord
  • Sigbjørn Leirdal, Luster

Forslaget til liste skal være ferdig frå nominasjonskomitéen 20. august, og nominasjonsmøtet der lista blir vedtatt er 7. november.

Til toppen