2. kandidat for Raudt, Geir Oldeide.
2. kandidat for Raudt, Geir Oldeide. (Bilde: Kristin A. Oldeide)

MEININGAR: Stortingsvalet 2017

Raudt byter plass med Venstre?

Utjamningsmandata er kanskje jokeren i årets val. Alle parti som kjem over sperregrensa på 4% på landsbasis er med i fordelinga av 19 utjamningsmandat, eitt i kvart fylke.

Kva parti som får mandatet i det einskilde fylke er ei komplisert utrekning og har lite å gjere med talet på røyster på det einskilde parti i fylket å gjere. Ved sist val var det Venstre som fekk mandatet i Sogn og Fjordane.

På meiningsmålingane siste året har vi sett ein klar tendens dersom vi samanliknar Raudt og Venstre. Venstre har dala jamt og trutt og blitt liggande under sperregrensa i dei fleste målingar. Raudt har gått andre vegen og er på veg opp.

I mange målingar har Raudt hatt mellom 3 og 4 % og i TV2 sin gallup som vart offentleggjort den 15. august er Raudt for første gong over sperregrensa med 4,7%. For eit fantastisk flott svar på Venstre sin iver etter sentralisering og stordrift dette kan bli; dersom Venstre må gje frå seg utjamningsmandatet fordi dei hamnar under sperregrensa og Raudt skulle få det!

Inga røyst er bortkasta. Alle røyster kan vere avgjerande for Raudt i år. I alle fylker! Raudt Sogn og Fjordane håper sjølvsagt at vår toppkandidat Ingunn Kandal blir ein av dei som får reisa til Oslo og arbeida for ein grøn sosialisme med mindre forskjeller og meir demokrati dei neste fire åra. Det kan skje! Uansett om det blir ho eller ein Raudt-kandidat frå eit anna fylke, oppmodar me deg som sympatiserer med vårt program om å stemme Raudt. Det har aldri vært viktigare.

Geir Oldeide
2. kandidat for Raudt

Bente Øien Hauge
3. kandidat for Raudt

Til toppen