STÅ OVER: Årdal FK spissen Preben Strypet må stå over dei tre neste kampane til laget. Foto: Arkiv. 
STÅ OVER: Årdal FK spissen Preben Strypet må stå over dei tre neste kampane til laget. Foto: Arkiv. 

Raudt kort: Må stå over tre kampar 

Det kokte over for målgarantisten Preben Strypet då Årdal FK møtte Hallingdal i første seriekamp på heimebane førre helg. Dette kosta han tre kampar. 

Årdal: Spissen Preben Strypet trakka på ein motspelar under førre kamp og må difor stå over dei tre neste kampane til Årdal FK. 

Les også: – Dette var ein start me ikkje trengte

– Eg syns mest synd i Preben. Men sjølvsagt er det synd for laget også, seier trenar Ivan Øy. 

Veldig grovt 

Dei siste 45 minuttane av heimekampen mot Hallingdal, var prega av mange tøffe duellar og lite spel langs bakken. Etter kvart som 50-50-duellar vart gitt i Hallingdal sin favør av dommaren, vaks frustrasjonen hjå heimelaget.

Til slutt kokte det over for Preben Strypet som var ufin i ein duell og fekk direkte raudt kort.

– Dette er ei oppfatning om kva dommaren vurdera i det augenblikket hendinga skjer. Når ein blir utvist frå tre kampar, så har ein gjort noko veldig grovt, seier Øy. 

Les også: Sesongstart: – Målet er å halde seg «der oppe»

– Han trakka på ein motspelar. Dommaren meinte det var bevist, men han sjølv meiner det var ubevist. Kanskje kan det vere ubevist sinne? Eg veit ikkje, konkluderer Øy. 

Etter kampen tok Øy ein prat med Strypet om den svært uheldige starten på årets sesong. 

– Preben veit godt følgjene av det han har gjort og at dette ikkje burde gjentakast, seier trenaren. 

Desse kan erstatte Strypet

Trenaren fortel at det ikkje er noko laget kan gjere med saka og at dei heller ikkje kjem til å gjere noko framover. 

– Det kostar for mykje tid og energi. No må me berre snu oss rundt og sjå etter andre løysingar, seier Øy. 

Les også: Bli kjend med Årdal sine motstandarar i avdeling 3

Det er framleis uvisst kven som skal ta Strypet sin plass under bortekampen mot Flisa laurdag. 

– Me har fleire alternativ. Moglegheita er der for å bruke anten Terje Øvstetun eller Robin Moheim. Det står mellom dei spelarane, så får me sjå kva andre spelarar som eventuelt kan ta deira plassar, seier Øy. 

Til toppen