IKKJE SKULD: Einar Rysjedal i Raudt Høyanger skriv i innlegget at hans parti ikkje ønskte ein varaordførar frå Senterpartiet. Her gjev ordførar Petter Sortland (Ap) (t.v.) blomster til varaordførar Geir Helge Østerbø (Sp) i det konstituerande møtet.
IKKJE SKULD: Einar Rysjedal i Raudt Høyanger skriv i innlegget at hans parti ikkje ønskte ein varaordførar frå Senterpartiet. Her gjev ordførar Petter Sortland (Ap) (t.v.) blomster til varaordførar Geir Helge Østerbø (Sp) i det konstituerande møtet. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal )

MEININGAR

Raudt sin feil?

– Raudt gjekk aldri inn for ein varaordførar frå Sp, skriv leiar i Raudt Høyanger, Einar Rysjedal, som i innlegget gjer greie for den politiske prosessen kring val av ordførar og varaordførar i Høyanger kommune.

Meiningar: SP fekk varaordføraren i Høyanger. Nokre har forstått det slik at dette er Raudt sin feil - eller nokon kan ha gjeve ei slik forklaring. Det er i alle tilfelle feil; Raudt gjekk aldri inn for ein varaordførar frå SP!

Faktum er: AP har ikkje lenger reint fleirtal i kommunestyret. Mange ser at dette er av det gode. Raudt gav dagen etter valet tydeleg uttrykk for at det var uaktuelt for oss å stemme på at SP skulle få ordførar eller varaordførar. Vi ville stemme på AP sine kandidatar, men ville ha AP sine løfte om støtte til viktige politiske saker.

Dette resulterte i forhandlingar – først mellom AP og Raudt – deretter mellom AP og Raudt/SV. Nokre saker var AP einig med oss i – andre ikkje. Dei store stridssakene var: 1) Barnetrygd også til familiar som er avhengig av sosialhjelp, 2) grunnbemanninga i eldreomsorga. Her ville AP nøye seg med å ”vurdere” og ”utgreie behovet”. Dette var ikkje godt nok for Raudt – vi ville ha det gjennomført!

Raudt bestemte deretter at vi ville stemme blankt ved val av ordførar og varaordførar. Vi melde frå om dette til AP – først at vi vurderte – deretter at vi hadde bestemt oss. Vi kunne stemme blankt, fordi AP sine kandidatar uansett ville få fleire stemmer enn ein kva som helst kandidat frå SP. Vi ville uansett føretekke AP sine kandidatar (Petter Sortland som ordførar og Kristin Sagerøy Råsberg som varaordførar) fram for SP sine kandidatar (uansett kven det då måtte bli).

Seint om kvelden dagen før kommunestyremøtet, fekk underteikna greie på at AP hadde gjort avtale om å gje varaordførar-vervet til SP. Dette fekk vi vite omveges (gjennom SV).

Ved ordførarvalet, stemte Raudt blankt som vi tidlegare hadde varsla. Ved varaordførarvalet var situasjonen annleis: For at Raudt skulle markere tydelegare i forhold til SP, foreslo Raudt-representanten Randi Aven underteikna som varaordførar.  Alle tre i gruppa vår stemte deretter mot SP-kandidaten ved å stemme på underteikna.  Dersom vi ikkje hadde reist forslaget og stemt blankt, hadde vi signalisert at vi ikkje ser forskjell på AP og SP. Det gjer vi og stemte derfor aktivt mot at Geir Helge Østerbø frå SP skulle bli varaordførar.

 

Til toppen