RAUD TRIO: Stine Torvund Stenersen, Hege Terese Olsen og Stephan Øren utgjer styret til Raudt Årdal og topp tre på lista til kommunevalet.
RAUD TRIO: Stine Torvund Stenersen, Hege Terese Olsen og Stephan Øren utgjer styret til Raudt Årdal og topp tre på lista til kommunevalet.

Raudt stiller liste i Årdal for første gong

Det nystarta lokallaget bergar i same slengen Årdal frå å bli ein trepartikommune.

Årdal: For første gong i historia stiller Raudt til val i Årdal. Partiet såg dagens lys i august i fjor.

– Det er eit resultat av den blå politikken som styrer landet, med sentralisering og samanslåingar. Til slutt vart eg så lei at eg melde meg inn i Raudt, og har etterkvart starta lokallag, seier Stephan Øren, som er ordførarkandidat.

Les óg: Sp-politikaren reagerer på at ordføraren legg ÅLA-ballen daud

Fire parti stiller til val

Han er elektrikar av yrke, og er mellom anna med i LO-styret i Årdal. I politikken ønskjer han å jobba for arbeidarane sine rettar, og mot kapitalkreftene, som han kallar dei. Med seg på lista har Øren fått seks andre kandidatar, fem av dei kvinner.

– Det er ei god liste, med høg kvinneandel og folk med bakgrunn i frå foreningsarbeid, seier Øren.

Hadde det ikkje vore for Raudt hadde berre tre parti stilt til val i år. Venstre, Frp og MDG stiller ikkje liste.

– Difor var det ekstra viktig å stilla, for at velgarane skal ha så mange alternativ som mogleg, seier Øren.

Skal bryna seg på dei to store

Han fortel at dei enno ikkje har fått laga eit program, men at dei skal starta på det arbeidet ganske kjapt

– Så håpar me at folk er einige i dei sakene me har å koma med, seier Øren.

Tradisjonelt har Ap hatt jarngrep om vala i Årdal, men fekk i det minste éin konkurrent ved valet i 2015. Då hadde Ap og Sp til saman 84 prosent av stemmene ved kommunevalet, og tok 19 av 22 plassar i kommunestyret.

Øren har likevel stor tru på at Raudt kan klora seg fast i årdalspolitikken.

– Eg trur Årdal er ei raud bygd. Dei fleste er vande med å stemma Ap, men me er vel så opptekne av industrien og arbeidarane, som dei er. Me står på foreningane si side i viktige saker, så eg trur absolutt potensialet er der, seier Øren.

Til toppen