MEININGAR: Einar Rysjedal.
MEININGAR: Einar Rysjedal. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

MEININGAR

Raudt til fylkestinget: – Vestland ligg alt i norgestoppen når det gjeld gjeldsgrad

– Raudt ynskjer å desentralisere statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar ut i distrikta, ikkje enno meir sentralisering til Bergen, skriv Einar Rysjedal i innlegget.

Meiningar: Tirsdag 15.desember starta Vestland fylkesting ein svært krevjande budsjettdebatt for neste år. 2020 – år 1 etter samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane – har vore sterkt prega av underfinansiering av oppgåver og overføringar frå staten, store budsjettkutt (m.a. innan vidaregåande skular og kultur) og koronapandemien.

Foreslår ei rådgjevande folkerøysting

Fylkesrådmannen leverte i oktober i år ein rapport til fylkestinget med tittelen «Oppgåve- og ressursoverføringar til Vestland fylkeskommune». Her skriv fylkesrådmannen fylgjande: «Dette dokumentet viser at regionsreforma – so langt – ikkje har blitt det vi såg føre oss. Det har blitt for mange små oppgåver og føreliggjande dokument viser at kvart einskild departement har fått bestemme for mykje på eigen sektor. Den statlege heilskapstenkninga har ikkje vore ein del av den samla prosessen».

I Vestland fylkesting denne veka vil Raudt foreslå at fylkesrådmannen i 1. halvår 2021 legg fram ei sak for fylkestinget med kritisk evaluering av år 1 av fylkessamanslåinga. Raudt foreslår og ei rådgjevande folkerøysting om fortsatt fylkessamanslåing i samband med stortingsvalet hausten 2021 i dei gamle valkretsane Hordaland og Sogn og Fjordane. Om innbyggjarane i ein eller begge valkretsane ynskjer å dele Vestland fylke, må det respekterast både av fylkestinget og det nye stortinget som blir vald 13. september neste år.

Desentralisere statlege arbeidsplassar

Vestland fylkeskommune ligg alt i norgestoppen når det gjeld gjeldsgrad. Nedbetaling av renter og avdrag reduserer handslingsrommet på drift. Ein av dei største investeringspostane er riving av det tidlegare fylkesbygget til Hordaland og bygging av eit nytt fylkespalass i Bergen til ein totalkostnad på nærare 1, 2 milliardar. Diverre var det berre Raudt som røysta imot denne stormannsgalskapen og klima- og miljøfiendtlege prosjektet.

Raudt ynskjer å desentralisere statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar ut i distrikta, ikkje enno meir sentralisering til Bergen. Det står t.d. mange tomme kommunehus ute i distrikta etter kommunesamanslåingane i 2020 som kunne vore nytta. Koronapandemien har og gitt oss mange nye og nyttige erfaringar med heimekontor, nettmøter og andre desentraliserte løysingar i samfunnet.

Tilstanden på fylkesvegane er kritisk

Raudt vil i fylkestinget utfordre dei andre partia med forslag om å redusere ein topptung og høgtløna sentraladministrasjon, altfor stor konsulentbruk og for høge politikargodtgjersler. Dette skapar ytterlegare avstand til dei tilsette på golvet og innbyggjarane. I staden vil vi foreslå styrking av dei vidaregåande skulane for å kunne gjenopprette fleire klassar som fleirtalet nyleg vedtok å leggje ned, og styrking av kultur- og integreringsfeltet på fleire punkt.

Eit kritisk område i heile Vestland fylke er tilstanden på ei rekkje fylkesvegar som er underfinansiert. Fleire av dei har i seinare tid vore stengt på grunn av ras eller flaum. Raudt vil i fylkestinget foreslå eit felles initiativ for å få alle desse fylkesvegane satt i forsvarleg stand gjennom full statleg finansiering i samband med Nasjonal Transportplan, som Stortinget skal handsame neste vår.

Til toppen