FORMANNSKAPET I LÆRDAL: Geir Berge Øverland (Ap) ønsker at Lærdal, Årdal og Aurland skal vera eit alternativ til kommunesamanslåinga. Foto: Ina Eirin Eliassen
FORMANNSKAPET I LÆRDAL: Geir Berge Øverland (Ap) ønsker at Lærdal, Årdal og Aurland skal vera eit alternativ til kommunesamanslåinga. Foto: Ina Eirin Eliassen

Reagerer på forslag om kommunesamanslåing

– Det er ikkje eit demokratisk problem at eit fleirtal stemmer på eitt parti, seier Geir Berge Øverland (Ap). Han er ueinig i at samanslåing mellom Årdal, Aurland og Lærdal ikkje blir vurdert som ei løysing. 

Under formannskapsmøtet i Lærdal sist tysdag hadde rådmann Alf Olsen jr. lagt fram eit undringsnotat om kommunereforma. Sogn regionråd har vedteke at det skal utarbeidast eit slikt notat i alle kommunane i Sogn, for å gi kunnskap om innhald og konsekvensar av reforma. 

Rådmannen ser to moglegheiter

I rådmannen sin tilråding ser han det som naturleg å jobbe vidare med to alternativ til samanslåing. Lærdal åleine eller Indre Sogn (eventuelt Sogn regionråd) med seks kommunar. 

Rådmannen meiner ein større kommune med Indre Sogn vil vera i stand til å ta i mot nye oppgåver, har Sogndal som «motor» med folketalsauke, innovasjonsmiljø og regionsenterfunksjon. 

Etter hans vurdering ser han på samanslåing mellom Lærdal, Årdal og eventuelt Aurland som eit mindre aktuelt alternativ, då det ikkje vil løyse grunnleggande problem som nye offentlege oppgåver, det kan bli vanskeleg økonomisk, med tanke på spesialkompentanse og det vil koma auka press på tenester og insitusjonar. 

Heile undringsnotatet finn du her.

Reagerte på formuleringa

Øverland reagerte på formuleringa til rådmannen om at ved ei samanslåing mellom Årdal, Lærdal og eventuelt Aurland, vil mange sjå dominansen frå eitt politisk parti som eit demokratisk problem.

Øverland er ikkje sikker på om at han synest utfordringsnotatet er så godt, slik ordførar Jan Geir Solheim (Sp) tykkjer. 

– Det ikkje eit demokratisk problem at fleirtalet stemmer på eitt politisk parti, det er demokrati. Den formuleringa kunne du spart deg for, og eg forlanger at den blir teken bort, seier Øverland. 

Trond Øyen Einemo (H) seier det ikkje er eit demokratisk problem, men eit styringsproblem. 

Korkje Gro Starheimsæter (Sp) eller ordførar Jan Geir Solheim (Sp) seier dei har noko imot at det står som det gjer. Solheim legg til at han heller ikkje har noko problem med å fjerne det. 

– Det er klart det kan vera eit problem for folk i Lærdal at Arbeiderpartiet får fleire røyster, men det er ikkje eit demokratisk problem. Det ordet er uheldig, seier Jan Olav Fretland (SV).

Det var noko rådmann Alf Olsen jr. sa seg einig i. 

Må sjå større på det

– Det er viktig i ein slik samanheng er å tenkje langsiktig, kanskje 40 til 50 år fram i tid. Då er det viktigare å ha med utviklingsperspektivet, enn å slåst om dei små detaljane. Skal ein samarbeide, bør det vera ein større region, seier Olsen jr.  

Han peiker på at drivkreftene i Sogn er Sogndal, og at det er viktig å vera med i ein slik samanheng. Det har vorte tydlegare for han at om ein vel å stå åleine, må ein forhalde seg til rammevilkår som vil endra seg. Olsen jr. opplever reformen som administrativ og tenesterettta, der folkeperspektivet er lite framme. Difor opplever han det som utfordrande å laga til ei slik vurdering. 

– Ta i mot rådet eller kast det i søpla. Dette er rolla mi, seier Olsen jr. 

Etterlyser møte mellom ordførarar

Fretland, som er leiar av kommunereformgruppa som vart oppretta av kommunestyret i februar, etterlysar møte mellom ordførarar i Aurland, Årdal, Sogndal og Lærdal. 

– Ordførarane har ikkje klart å finne ein dato for å møtast for å få i gang den politiske prosessen, som ikkje finst. No har det gått eitt halvt år, seier Fretland. 

Solheim forklarar at det er gjort forsøk på å få til møte med ordførarane. Først eit felles for ordførarane i Aurland, Lærdal og Årdal, men Aurlandsordføraren ville ikkje. Då sa Årdalsordføraren at det ikkje hasta. 

– Me har snakka med kvarandre, men ikkje funne ein dato for eit offisielt møte der også rådmenn er med. Eg har ikkje datoen, men eg skal treffe Sogndalsordføraren før sommaren, seier Solheim. 

Då kommunereformgruppa har gjort vedtak til kva dei ønskjer av utgreiing til kommunereforma, spør Fretland kva ein gjer vidare. 

Olsen jr. seier det er opent for å koma med to framlegg til kommunstyret torsdag 19. juni. Formannskapet tok samrøystes tilrådinga frå rådmann til vitande, men kommunestyrereformgruppa legg fram eit eige framlegg til kommunestyret.  

Har vekt reaksjonar

I ettertid har saka vekt reaksjonar både frå mellom anna Hilmar Høl, som er leiar i Sogn og Fjordane Ap og gruppeleiar i Årdal, og Kristen Olav Grøttebø, leiar i Lærdal Ap. 

Sogn Avis skriv at Høl stiller spørsmål om Årdal i det heile kan jobba saman med Lærdal etter slike utspel. Grøttebø reagerar og oppfattar dette som ein mistillit til Årdal. Han er overtydd om at lærdøler flest ønskjer å samarbeida med Årdal, og ikkje vera del av ein større region. Vidare seier Grøttebø at Lærdal Ap ønsker ei folkerøysting om kommunereforma. 

Ifølgje Sogn avis har Olsen jr. ringt ordføraren i Årdal for å forklare saka og kva vurderingar han har gjort. Olsen jr. forklarar då at det ikkje er eit demokratisk problem og at folk må få røysta kva dei vil, sjølv om Ap er ein tung faktor i Årdal.  

Til toppen