Reagerer på kuttforslag i Sogn og Fjordane

Reagerer på kuttforslag i Sogn og Fjordane

Både fylkeskommunen i Oppland og i Buskerud oppmodar Sogn og Fjordane om å ikkje vinterstenge samband mellom aust og vest.

Fylket må spara kring 224,5 millionar kroner i dei fem neste åra og har sett i gang arbeidet med å finne kvar ein skal kutte utgifter, melder NRK Sogn og Fjordane.

Fylkesadministrasjonen i Sogn og Fjordane greier ut over 40 ulike forslag til innsparing. Forslaget om at Statens vegvesen skal greie ut potensialet for innsparing ved vinterstenging av vegar, vekkjer særlege reaksjonar.  

Både Oppland og Buskerud fylkeskommune har sendt oppmoding om å ikkje vinterstenge høvevis Fv 53 Tyin - Årdal og Fv50 Hol - Aurland.

Ei eventuell vinterstenging vil mellom anna gå ut over busstilbod, hytteeigarar, næringsverksemd og kraftproduksjon. Buskerud fylkeskommune har sagt seg villig til å vera med å finansiere vedlikehaldet om vinteren slik at Fv50 Hol - Aurland fortsett som heilårsveg, skriv NRK. 

I mai skal fylkespolitikarane bestemme seg for kva innsparingstiltak som vil bli gjennomført. 

Til toppen