FOR FORFALL? Dei økonomiske sparetiltaka i Lærdal kommune, gjer at Lærdal sokneråd fryktar det berre blir aktivitet att i ei kyrkje i kommunen. Biletet syner Tønjum kyrkje. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
FOR FORFALL? Dei økonomiske sparetiltaka i Lærdal kommune, gjer at Lærdal sokneråd fryktar det berre blir aktivitet att i ei kyrkje i kommunen. Biletet syner Tønjum kyrkje. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

Reagerer på kuttforslag i talet på kyrkjer, stillingar og skuletur

Det er ei felles forståing om at Lærdal kommune står framfor tøffe tak. Likevel er det nokre forslag til økonomiske kutt, som lærdølene har vanskelegare for å svelge. 

Lærdal: Fristen for innspel til budsjettet for 2016 og økonomi og handlingsplan for 2016 til 2019 gjekk ut midnatt før formannskapet sist torsdag. Då hadde det kome inn heile 12 merknader til dei økonomiske kutta som ligg føre. 

– Umogleg å gjera ein god jobb

– Me ønskjer alle å gjere ein god jobb for kommunen, men med desse føresetnadeane er dette umogleg, skriv tillitsvalde og verneombod for Tekniske tenester

På vegne av dei tilsette meiner dei at innsparingane på 2 millionar, ikkje er realistiske, på bakgrunn av auka kostnadar, reduserte inntekter og nye arbeidsoppgåver innanfor Tekniske tenester. Dei peikar også på at ein reduksjon av tilsette, vil føre til dårlegare kommunal beredskap. 

Også leiar i Fagforbundet i Lærdal, Jan Steinar Hole, som representerer kring 170 tilsette i kommunen, stiller seg bak og lurar på korleis kommunen skal klare desse innsparingane

Spøkar det for kyrkja? 

Soknerådet skriv at 17 prosent kutt i budsjettet til kyrkja, vil få store konsekvensar for brukarane. Då mesteparten av budsjettet går til løn- og sosiale utgifter, må ein vurdere å kutte ei stilling, ned til 2.6 årsverk. Dei er då bekymra for korleis å oppretthalda drifta, noko som truleg vil føre til at dei må stenge kyrkjer og samla aktiviteten i ei. I tillegg vil vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar, bli kraftig redusert. 

Soknerådet kjem også med innspel om brannsikring av Gamle Øyri, og ønske om at det blir sett opp brannslange ved Hauge kyrkje, noko som alt er delvis finansiert utanifrå. 

– Utfordrande å gi barna eit godt tilbod

4 millionar i kutt innanfor Oppvekst, vil gjera det utfordrande å halde oppe eit godt tilbod for born og unge, skriv Utdanningsforbundet i Lærdal, samstundes som dei ser at dei må hjelpe til for å kome ned på budsjettramma.

Hole, i Fagforbundet, stiller seg spørjande til korleis ein skal auke budsjettrammene for Oppvekst i 2016, på trass i at barnetalet går ned, før budsjettramma skal ned i 2017.  

– Det er ikkje kjekt for tilsette å gå og vera usikre på kva som skjer framover, skriv Hole. 

Han kjem med forslag om å sette organisasjonsutvikling på vent, sjølv om han er einig i at tiltaket er nyttig. I tillegg peikar Hole på behovet for fagarbeidarar, og lurar på om det er tenkt på lærlingplassar i forbindelse med budsjettarbeidet. 

Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) ved Lærdalsøyri barnehage fortel dei har eit sterkt redusert vikarbudsjett, der kutt i personalet vil få store konsekvensar for dei med krav på spesialpedagogisk hjelp. For å klare desse budsjettendringane må dei endre på opningstider og ferieavvikling, for å klare å oppretthalda eit godt tilbod til barna.

Både skuleutvalet (SU) ved Oppvekst Ljøsne og FAU ved Ljøsne skule reagerer på at ikkje vedlikehald av skulen er med i økonomi- og handlingsplanen for 2016 til 2019, og blir halde utanfor fram til skulestrukturen er avklart. Då totalrenovering av skulen er rekna til 30 millionar, ber dei kommunen sjå på kva ei alternativ løysing vil koste. 

– Nedlegging av skulen vil spare kommunen  for vel 5 millionar årleg. Då er tilsette oppsagt og elevar flytta til ein anna skule utan å tilføre lærarressursar til den nye skulen. Oppvekst har alt vore gjennom store kutt, er det verkeleg naydsynt å kutte meir, spør FAU ved Ljøsne skule. 

– Dumt, om me mister leirskuleopphaldet

Elevrådet ved Ljøsne skule vil at kommunen skal vurdere å behalda leiskulen for 7. klasse ved alle skulane i Lærdal. Denne turen skal gjera det lettare for elevane å ta til på ungdomskulen, fordi dei har brukt ei veke på å blir kjend. 

– Me ser dette som ein viktig del av skulegangen for alle skulane i Lærdal, skriv elevrådet, og får støtte frå Su ved Oppvekst Ljøsne. 

SU merkar seg også at det er ei kraftig auke i foreldrebetaling for skulefritidsordning, samstundes som talet på vaksne skal ned.  

Kva med bassenget og bufelleskap?

Borgund Utvikling merkar seg det ikkje er sett av pengar til bassenget på Borgund, og ønskjer dette skal inn at i fireårsbudsjettet.

Dei reagerer også på at det er forslag om å betale for å leige samfunnshuset og svømmebassenget, og meiner dette bør bli leigd ut gratis til frivillige lag og organisasjonar. 

Råd for eldre og funksjonshemma, peikar på trongen for å jobbe vidare med eit bufelleskap for menneske med spesielle behov. 

Til toppen