PELSOPPDRETT: Ivar Molde driv pelsoppdrett i Lærdal. Foto: Fredrik Strømsnes
PELSOPPDRETT: Ivar Molde driv pelsoppdrett i Lærdal. Foto: Fredrik Strømsnes (Foto: Sunniva K. Øvstetun)

Reagerer på NRK-dokumentar

Ivar Molde har drive med pelsoppdrett på garden sin i Lærdal i 35 år, og reagerer på måten bransjen vart framstilt i Brennpunkt- dokumentaren «Pels».
 

- Eg har forståing for at mange reagerer på det som kom fram i dokumentaren, det er ikkje sånn ein skal handsame dyr. Likevel er det viktig å understreke at ikkje alle som driv med pelsoppdrett gjer det på denne måten, seier han til porten.no, som søndag føremiddag fekk vitje Molde sin pelsdyrgard.

Tysdag ettermiddag sendte NRK den norske Brennpunkt-dokumentaren «Pels», der pelsdyrnæringa i Noreg har vorte filma med skjult kamera av ein pelsdyraktivist. Frank Nervik har infiltrert pelsbransjen, og har i løpet av to år vitja 17 pelsdyrgardar under dekkje av å vere interessert i å starte opp med pelsoppdrett sjølv. Dokumentaren har vekt oppsikt, og den mykje omstridde pelsdyrnæringa har nok ei gong hamna under lupa.

Lang erfaring
I 1929 kjøpte bestefar til Ivar Molde fire revar, to av kvart kjønn, og det var sånn det heile tok til. I dag, 85 år seinare, er garden i Lærdal ein av dei eldste i Noreg. Sjølv med sine 900  revar er garden til Molde ein av dei minste i landet, men Molde er klar på at dette er nok.

Artikkelen held fram under biletet

PELSOPPDRETT: Ivar Molde trivst godt, og har drive med pelsoppdrett i 35 år.
PELSOPPDRETT: Ivar Molde trivst godt, og har drive med pelsoppdrett i 35 år.

- Dersom eg skal ha fleire revar lyt eg tilsetje nokon for å jobbe for meg, då det ikkje lenger vert mogleg å stelle alle saman sjølv. Dette er uaktuelt for meg, då den økonomiske vinninga ikkje vil vere verdt det.

 På garden avlar han fram om lag 22 ulike typar rev, samt at han også driv vanleg husdyrhald av sau og kyr. Pelsdyrnæringa har vorte primærnæringa på garden, og Molde avhenger av pelsdyrproduksjonen. Garden er så rein og fin som den kan vere, og dyra er rolege og svært flotte å sjå på.

Alle er ikkje like
Dyreaktivistar har i stor grad reagert på Brennpunkt-dokumentaren som vart sendt på fjernsynet tysdag, og hevdar at noko av det sjåarane fekk sjå er brot på norsk lov. Molde svarar at det ikkje er alle som driv gardane sine på denne måten, og syner til ein perm med rapportar frå Mattilsynet.

GODE RAPPORTAR: Mattilsynet har ikkje hatt noko å utsetje på oppdrettsfarmen i Lærdal.
GODE RAPPORTAR: Mattilsynet har ikkje hatt noko å utsetje på oppdrettsfarmen i Lærdal.

Mattilsynet har dei siste fem åra vitja garden til Molde utan forvarsel, der dei har inspisert og kontrollert forholda på farmen. Attendemeldingane Molde har fått frå Mattilsynet har ikkje vore anna enn positive, og tilsynet har ikkje hatt noko å utsetje.

Molde gjer alt arbeidet med revane sjølv, heilt frå fødsel til pelsen heng klar for sal. Dersom han ikkje handsamar dei rett kan det gå ut over pelsen, og då kan Molde risikere at han ikkje får seld det. Difor legg Molde ned mykje tid og energi for at dyra skal ha det godt og at resultatet skal verte bra.

Reagerer
For å kunne drive med pelsoppdrett må ein vere sertifisert til det.  Dette vert ein gjennom godkjenning frå Noregs pelsdyralslag og Mattilsynet. Molde er sjølvsagt sertifisert, og den lange erfaringa innanfor pelsdyroppdrett gjer at han har god kompetanse innanfor området.
Molde reagerer på at mange av dei som uttalar seg om pelsdyroppdrett, ikkje veit kva dei snakkar om.

- Dagen etter Brennpunkt-dokumentaren uttala ein lokal politikar seg om pelsdyrnæringa i Lærdal, og sa at den skal avviklast. Eg set spørjeteikn ved dette, og lurer på kva grunnlag denne politikaren har for å sei noko sånt, då politikaren sjølv ikkje var i stand til å drive ein gard.

Molde set og spørjeteikn kring kva erstatning han skal få dersom inntektsgrunnlaget hans må avviklast. Med ei omsetjing på over tre millionar er det lite som kan erstatte den verdifulle pelsoppdrettsnæringa. 

Artikkelen held fram under biletet

USIKKER: Ivar Molde veit ikkje kva næring som kan erstatte dei 900 revane han har.
USIKKER: Ivar Molde veit ikkje kva næring som kan erstatte dei 900 revane han har.

Rosar dyreaktivistar
Med ei ironisk tone fortel Molde at han er imponert over dyreaktivistane. Dyreaktivistar har kjempa mot næringa lenge, og Molde er imponert over måten dei kjempar for agendaen sin på. Han seier at propaganda verkeleg er noko dei kan.

Molde har sjølv hatt vitjing av dyreaktivistar på garden sin. For fire år sidan, snikfilma og forstyrra dyreaktivistar nokre av revane på garden. Ein av desse revane hadde eit sår på ryggen, og dette vart det sjølvsagt lagt stor fokus på.

- Ja, reven som vart filma hadde eit sår, men det er ikkje heile historia. Sanninga er at den reven 14 dagar tidlegare hadde fått behandling av ein veterinær, og at såret grodde fint. At dyreaktivistar prøver å finne feil og manglar i pelsdyrnæringa er ikkje noko nytt.

Lidenskap
For å drive med pelsdyrnæring lyt ein ha ei spesiell interesse, og det er ingen tvil om at Molde har nettopp dette. Molde brenn verkeleg for det han driv med, og fortel om jobben sin med overveldande lidenskap.

Artikkelen held fram under biletet

LIVSNÆRING: Pelsoppdrett er primærnæring og rein lidenskap for Ivar Molde.
LIVSNÆRING: Pelsoppdrett er primærnæring og rein lidenskap for Ivar Molde.

Sjølv om næringa i stor grad vert påverka av etterspurnad og pris, klarer Molde å kose seg på jobb både i dei gode og dårlege tidene.

- Då eg var ung reiste eg til Sogndal for å gå på handelskulen. Der slutta eg etter ei veke då det ikkje var noko for meg. Då eg kom heim og fortalte til han far kva eg hadde gjort, var svaret klar tale: «Så godt at du endeleg har teke til vet og bestemt deg for å gjere noko viktig her i livet.»

Usikker framtid
I morgon kjem rapporten frå pelsdyrutvalet, som skal avgjere pelsnæringa si framtid. Molde seier at han håpar på det beste, men at han fryktar det verste. I fylgje Fjordane pelsdyrlag planlegg fire av dei 17 pelsbøndene som er att i fylket å gje seg, men Molde er ikkje ein av desse.

- Dette er noko eg ynskjer å drive med heilt «till the bitter end». Eg har aldri gjort anna og ynskjer heller ikkje å drive med anna. Sjølvsagt har eg vore misunneleg på dei som har reist til Årdal og tent store pengar på Hydro, men det er denne garden eg brenn for.

Molde trur ikkje at dei som vel å gi seg gjer det på grunn av press frå pelsdyraktivistar, men at interesse for pelsnæringa fell vekk i generasjonsskifter. Molde sjølv er heldig på dette området, då han har ein son som truleg kjem til å ta over garden og pelsnæringa.

 

Til toppen