Jan Stundal har ein fritidsbustad i Skjolden. Han reagerer på dei nye kategoriane til SIMAS.
Jan Stundal har ein fritidsbustad i Skjolden. Han reagerer på dei nye kategoriane til SIMAS. (Foto: Valdres)

MEININGAR

Reagerer på Simas sine nye kategoriar og avgiftssatsar

Jan Stundal, meiner at dei nye kategoriane til SIMAS er litt grovkorna. Han meiner fritidsbustaden er i kategori 2. SIMAS insisterer på at fritidsbustaden er i kategori 1.

Underteikna har ein fritidsbustad i Skjolden som stort sett vert nytta i ferietida, maks 8 veker i året. Då eg fekk informasjonsskrivet frå SIMAS, der dei ba om å sjekke kva kategori eg meinte fritidsbustaden min kom i. Eg svara på skrivet og ga dei dei opplysningane dei ba om, sjølv om kategoriene deira var litt grovkorna, sett frå min ståstad, vurderte eg min bruk av renovasjonen i kategori 2. Svaret frå SIMAS kom og dei tok ikkje omsyn til dei opplysningane eg gav dei. Min fritidsbustad var ein kategori 1 - bustad. Basta.

Men når ein har ein fritidsbustad som ein nyttar ca 8 veker i året er det drygt å betale 3700 kroner.

Eg likar ikkje å setje søpla utanfor konteinaren, noko som vil trekke til seg rotter og mus for ikkje å nemne kråker og måker.

Jan Stundal, fritidisinnbyggjar i Skjolden

Som saksopplysning kan eg nemne at eg som fritidsinnbyggjar i Skjolden må levere alt avfall i ein konteiner langt ifrå bustaden. Om sumaren er denne konteinarane som oftast full, og vi brukarane må setje søpla ifrå oss utanfor konteinarane. SIMAS er sjølvsagt gjort merksam på problemet og seier dei skal sjå på det. Oftast vert det slik at eg tek med meg søpla heim (til Valdres) for eg likar ikkje å setje søpla utanfor konteinaren, noko som vil trekke til seg rotter og mus - for ikkje å nemne kråker og måker.

Det er vel lettare å bruke regelverk og kategoriar, enn sunn fornuft.

Det som forundrer meg er at SIMAS ikkje kan utøve skjønn når ein kunde opplyser fakta og prøver å få til ei løysing. Gebyret på 3700 kroner betyr at eg betalar over 462 kroner for veka i dei 8 vekene eg brukar fritidsbustaden. Men, det er vel lettare å bruke regelverk og kategoriar, enn sunn fornuft.

Eg er den første til å rose reinhaldsvesenet som er til både nytte og glede for folk flest. Eg betalar gladelig eitt gebyr, men det må vera innanfor rimeligheita sine grenser. Har sagt at kategori 2 må eg akseptere når eg har ein fritidsbustad rimeleg sentrumsnært i Skjolden og den ligg i eit bustadområde.

Eg vonar difor at SIMAS sin administrasjon har evne og vilje til å utøve eit skjønn slik at vi som brukarar av denne tenesta får tillit til systemet.

Til toppen